Grønsakssuppe
Ei god suppe skal ha kraft. Men er ho berekraftig eller berre kraftig vås?
Grønsaker blanda i ei skål. Ber dei krafta si?
Foto: pxhere.com
Eg finn henne i butikkhylla: den krema grønsakssuppa frå Knorr. Og eg kunne skrive ein heil tekst om korleis ho kan vere krema når ho inneheld berre 3 prosent fløyte, om det er lov å reklamere med at ho inneheld erter, sellerirot og graskar når kvar av dei berre utgjer maksimalt 1 prosent av innhaldet, eller korleis det berre er naudsynt å ha både modifisert maisstivelse og potetflak i suppa fordi den fyrste ingrediensen er vatn. Men no var det noko anna som fyrst vekte merksemda mi, og det er det eg skal skrive om i dag: at pakningen så tydeleg og med store bokstavar vil ha fram at suppa er «Made with sustainably grown vegetables».
«Produsert med berekraftig dyrka grønsaker», er altså det som får meg å stoppe opp. For det er noko med dette ordet – berekraftig – som gjer meg ein stad mellom skeptisk og småkvalm. For ordet var jo ein gong så godt. Og så har vi øydelagt det så kraftig.
Ordet bere kjem av den indoeuropeiske rota *bher som i ulike variantar er å finne i mellom anna norrønt, gamalsvensk, tysk, engelsk, latin, gresk, gælisk, armensk og sanskrit. Det kan tyde «løfte opp», «byrje», «føde». Kanskje er det latinske fortuna «skjebne, lodd, lykke, tilfelle» ein slektning. Berekraftig vert i dag brukt i samanhengen berekraftig utvikling, som av Brundtland-kommisjonen i 1987 vart definert som «utvikling som imøtekommer behovene til dagens generasjon uten å redusere muligheten for kommende generasjoner til dekke sine behov».
Mange fine ord. Mange ord å stille spørsmål ved. Kva skil ein trong frå eit ynske? Korleis kan eit ord dekke både tilfelle og skjebne? Og klarar Knorr å fylle sine berekraftig skor?
Ord utan innhald
Knorr er ein del av Unilever. Konsernet Unilever omsette i 2017 for 63 milliardar amerikanske dollar og hadde 169.000 tilsette. I tillegg til matmerkevara Knorr står konsernet mellom anna bakom merkevarer som Lipton, Vaseline og vaskemidla Omo og Comfort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.