Grønsakssnacks

Grønvasking av snacks er både frekt og tåpeleg.

Vakkert, men er det sunt eller synd? Kva gjer eigentleg grønsaker så sunne?
Vakkert, men er det sunt eller synd? Kva gjer eigentleg grønsaker så sunne?
Publisert

Et meir grønsaker! Få setningar summerer opp norske kosthaldsutfordringar på 2000-talet betre enn denne. Eit moderne, vestleg kosthald er rikt på kaloriar som kjem frå feitt, protein og karbohydrat, men kan likevel finne på å vere fattig på andre næringsstoff kroppen treng, som til dømes B-vitamin og jod. Vi et meir, men vi et mindre næringstett mat. Vi får i oss meir fyllstoff som sukker og annan næringslaus stivelse i fint brød, pasta, ris og utspedde pølser, og ferdigrettar gjer oss mette før vi har fått i oss næringsstoffa vi treng. Eg, eller vitskapen, seier ikkje at grønsaker er svaret aleine. Mjølk og kjøt er òg viktige, næringstette matvarer, og ingen andre råvarer kjem nærare å vere komplett enn egget: Eit egg inneheld alt kroppen treng bortsett frå C-vitamin.

Grønsaker er likevel viktige, ikkje minst fordi vi i stor grad et dei i den opphavlege forma. Korn er næringsrikt, men hamburgarbrøda, bagettane og croissantane vi trykker i oss, er milevis frå strået dei ein gong hang på. Kyllingkjøt er ikkje like magert etter å ha vore innom ei frityrgryte eller to. Yoghurt er ikkje like godt for deg når han er blanda med alt frå kakedeig til sjokoladekuler til heile kjemiboka av kunstige søtningsmiddel.

Grønsakene, derimot, kjem stort sett på bordet i ei form vi kan kjenne att som råvare. Gulrota er kokt eller raspa, spinaten er framleis grøne blad i paien eller sjølve grunnlaget for suppa, paprikaen ligg fint på osteskiva utan meir mikkmakk.

Det er bra for næringsinnhaldet: Det finst stoff som vert meir tilgjengelege ved koking, til dømes har dampa gulrøter meir tilgjengeleg næring enn rå, men tommelfingerregelen er framleis at di mindre tilarbeidd, di sunnare og betre.

Stort sett, seier eg likevel, om grønsaksattkjenninga. For sjølvsagt finst det unnatak. Tåpelege unnatak.

Bommar på bylgja

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement