Grønsakssnacks
Grønvasking av snacks er både frekt og tåpeleg.
Vakkert, men er det sunt eller synd? Kva gjer eigentleg grønsaker så sunne?
Foto: Pxhere
Et meir grønsaker! Få setningar summerer opp norske kosthaldsutfordringar på 2000-talet betre enn denne. Eit moderne, vestleg kosthald er rikt på kaloriar som kjem frå feitt, protein og karbohydrat, men kan likevel finne på å vere fattig på andre næringsstoff kroppen treng, som til dømes B-vitamin og jod. Vi et meir, men vi et mindre næringstett mat. Vi får i oss meir fyllstoff som sukker og annan næringslaus stivelse i fint brød, pasta, ris og utspedde pølser, og ferdigrettar gjer oss mette før vi har fått i oss næringsstoffa vi treng. Eg, eller vitskapen, seier ikkje at grønsaker er svaret aleine. Mjølk og kjøt er òg viktige, næringstette matvarer, og ingen andre råvarer kjem nærare å vere komplett enn egget: Eit egg inneheld alt kroppen treng bortsett frå C-vitamin.
Grønsaker er likevel viktige, ikkje minst fordi vi i stor grad et dei i den opphavlege forma. Korn er næringsrikt, men hamburgarbrøda, bagettane og croissantane vi trykker i oss, er milevis frå strået dei ein gong hang på. Kyllingkjøt er ikkje like magert etter å ha vore innom ei frityrgryte eller to. Yoghurt er ikkje like godt for deg når han er blanda med alt frå kakedeig til sjokoladekuler til heile kjemiboka av kunstige søtningsmiddel.
Grønsakene, derimot, kjem stort sett på bordet i ei form vi kan kjenne att som råvare. Gulrota er kokt eller raspa, spinaten er framleis grøne blad i paien eller sjølve grunnlaget for suppa, paprikaen ligg fint på osteskiva utan meir mikkmakk.
Det er bra for næringsinnhaldet: Det finst stoff som vert meir tilgjengelege ved koking, til dømes har dampa gulrøter meir tilgjengeleg næring enn rå, men tommelfingerregelen er framleis at di mindre tilarbeidd, di sunnare og betre.
Stort sett, seier eg likevel, om grønsaksattkjenninga. For sjølvsagt finst det unnatak. Tåpelege unnatak.
Bommar på bylgja
Det er truleg grønsaksbylgja Maarud har prøvd å henge seg på når dei har laga produktet Veggie Straws. På framsida av posen, under produktnamnet, står det «snacks laget av poteter og andre grønsaker». På baksida av posen er andre grønsaker definerte: «(...) det finnes både tomat, spinat, gurkemeie og rødbeter i Veggie Straws».
Vel å merke er det ikkje innhaldslista eg les frå no. Ho fortel nemleg ei anna historie: Veggie Straws er eit snacksprodukt laga av potetstivelse, solsikke- og rapsolje, potetmjøl, maisstivelse og sukker. Så er det brukt tomat og tomatpuré; eg skal under tvil godkjenne dette som ingrediensar, sjølv om tomaten berre er brukt for å smaksette produktet og ikkje har nokon næringsverdi.
«Grønsakene» elles, spinat, gurkemeie og raudbetar, kjem endå dårlegare ut. Spinaten er tilsett i form av pulver, og gurkemeien og raudbeten som fargestoff. Begge delar får rein strykkarakter på ingrediensskalaen.
Mållaus, ikkje vonlaus
Eg vert rett og slett litt mållaus. Kva er det Maarud vil med å lage eit slikt produkt? Det er vanskeleg å sjå annan motivasjon enn reint lureri. Ikkje smakar produktet av grønsakene som er tilsette, og ikkje gjer dei produktet noko sunnare eller tilfører næring på anna vis. Rein grønvasking er det, og slikt bør Maarud halde seg for god til.
Ekstra tåpeleg vert det når det i seg sjølv ikkje er noko som helst i vegen for å ha «grønsaksstrå», eller stavar, som snacks. Dei kan vere rå, eller dei kan krydrast, oljast og bakast i omnen. Nærast uansett kor mykje olje og salt du nyttar, vil du ikkje kome i nærleiken av Maaruds 528 kaloriar og 2,1 gram salt per 100 gram, for dette er skikkeleg høgt – og skikkeleg unødvendig.
Kjøper eg Veggie Straws frå Maarud? Nei takk, då tygg eg heller på eit strå frå hagen.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er truleg grøn-
saksbylgja Maarud
har prøvd å henge
seg på når dei har
laga produktet
Veggie Straws.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.