Frå matfatet
Grønsakfries
Innpakninga bør aldri vere like stor som innhaldet.
Slik kan ein tallerken grønsakfries sjå ut – om du ikkje kjøper han hjå Findus.
Foto: Marco Verch / Flickr.com
Tendensen i tida er vel temmeleg klar: Det hippaste og kulaste og sunnaste og tøffaste du kan gjere, er å ete meir grønsaker.
Og det skal eg ikkje seie noko på. Grønsaker er sunt og godt, mange av dei kan endåtil dyrkast i Noreg, og dei aller fleste av oss er langt unna å maksimere potensialet i kva denne enorme gruppa av næringsmiddel kan nyttast til.
Om vi ser stort på det, inkluderer grønsaker alt frå poteter som veks under jorda, til bønner som veks i belgar, til grøne salatar som er blad, og raude tomatar som er frukter med frø i, frå bitte små jordskokkar til enorme graskar, frå sprø og søte sukkererter det berre er å kaste seg over i hagen, til dei tørraste, hardaste artisjokkane ein verkeleg må vite kva ein skal gjere med for at dei skal smake godt. Og då har vi ikkje byrja å snakke om alle dei ulike variantane, berre mais finst i tusenvis av variantar.
Alt dette kan sjølvsagt lagast til på minst like mange ulike måtar: Dei fleste grønsaker kan kokast og steikast, men dei kan òg bakast, mosast, fermenterast, dampast, rivast, syltast – eg trur vi sluttar der.
Poenget er at potensialet som ligg i den store matgruppa grønsaker, er nesten uavgrensa. Det inneber likevel ikkje at alt er like sunt. Spesielt ikkje alt som er å finne i ein pose så å seie ferdig mat i butikken.
For lite grønsaker
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.