Gris
No, meir enn nokon gong, må vi sette pris på produksjonsgrisen.
Slakta svin – vanskeleg å sjå korleis dei har hatt det før slakt.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Spørsmåla etter Brennpunkt-dokumentaren Griseindustriens hemmeligheter førre veke er mange. Korleis skal ein gris ha det før han vert mat? Grisar er smarte. Grisar liknar veldig på hundar, som vi har inne i huset og kosar med. Organa til grisane liknar på menneskeorgan så mykje at vi etter kvart vil kunne bruke mutasjonar mellom menneske og gris i organtransplantasjon. Kan vi samstundes putte han i ein steril betongbås og seie at han har eit godt liv?
Det er store, grunnleggande spørsmål som heile samfunnet med eitt stiller seg. I eit samfunn der stadig færre har direkte kontakt med matproduksjonen alle er avhengige av, har vi godt av å sjå korleis han faktisk går føre seg, sjølv om – eller kanskje nettopp fordi – det er ubehageleg.
Så er det både naturleg og bra at nye kjensler og ny kunnskap vert omsett i handling. Målet med handlinga må vere at norske grisar får det betre. Korleis skal vi få til det?
Lita lønsemd
Kiwi, Noregs nest største daglegvarebutikk, har alt handla. Dei har valt å vri sommarens grillmatreklamekampanjane frå svinekjøt over på grønsaker, burgarar og fisk.
«Vi aksepterer ikke at dyr behandles dårlig, og forventer at leverandørene tar tak. Dette har vi kommunisert tydelig til leverandørene», seier kommunikasjonsrådgjevar i Kiwi, Nora Mile Helgesen, til NRK.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.