JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Gris

No, meir enn nokon gong, må vi sette pris på produksjonsgrisen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slakta svin – vanskeleg å sjå korleis dei har hatt det før slakt.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

4107
20190628
4107
20190628

Spørsmåla etter Brenn­punkt-dokumentaren Griseindustriens hemmeligheter førre veke er mange. Korleis skal ein gris ha det før han vert mat? Grisar er smarte. Grisar liknar veldig på hundar, som vi har inne i huset og kosar med. Organa til grisane liknar på menneskeorgan så mykje at vi etter kvart vil kunne bruke mutasjonar mellom menneske og gris i organtransplantasjon. Kan vi samstundes putte han i ein steril betongbås og seie at han har eit godt liv?

Det er store, grunnleggande spørsmål som heile samfunnet med eitt stiller seg. I eit samfunn der stadig færre har direkte kontakt med matproduksjonen alle er avhengige av, har vi godt av å sjå korleis han faktisk går føre seg, sjølv om – eller kanskje nettopp fordi – det er ubehageleg.

Så er det både naturleg og bra at nye kjensler og ny kunnskap vert omsett i handling. Målet med handlinga må vere at norske grisar får det betre. Korleis skal vi få til det?

Lita lønsemd

Kiwi, Noregs nest største daglegvarebutikk, har alt handla. Dei har valt å vri sommarens grillmatreklamekampanjane frå svinekjøt over på grønsaker, burgarar og fisk.

«Vi aksepterer ikke at dyr behandles dårlig, og forventer at leverandørene tar tak. Dette har vi kommunisert tydelig til leverandørene», seier kommunikasjonsrådgjevar i Kiwi, Nora Mile Helgesen, til NRK.

Ja, det kan ho seie. Mitt oppfølgingsspørsmål vert å syne henne Kiwis prisløfte: «Vi gir oss aldri på pris.» Kva tid skal daglegvarekjedene innsjå at prispresset deira påverkar korleis dyr har det?

Enno eig ikkje daglegvarekjeder grisefjøs. Og målprisen, prisen ein håpar grisebønder får for kjøtet dei leverer, er politisk fastsett i jordbruksavtalen. Likevel har daglegvarekjedene eit ansvar. Målprisen er eit politisk mål, ikkje kroner og øre. Han vert ikkje nådd. Den reelle prisen på svinekjøt er tre kroner høgare no enn han var i åttiåra.

Og kvaliteten på dyrevelferda heng saman med kvaliteten på bondevelferda. Då Mental Helse Ungdom såg på unge bønders mentale helse, fann dei mellom anna at kring halvparten er uroa for inntekter og økonomi. Det har truleg norske svinebønder god grunn til.

Avlsorganisasjonen Norsvin har rekna på lønsemdsprognosar i næringa. Prognosane føreset ein kilopris på kring 25 kroner. For slaktegrisprodusentar – dei som kjøper smågris og fôrar opp til slaktevekt – finn dei eit driftsoverskot per slaktegris på åtte kroner. Når dei trekker frå rentekrav til bygningar og utstyr, får dei ei arbeidsbetaling per slaktegris på minus 56 kroner. I kombinert produksjon, dei som har purker sjølve og fôrar fram til slakt, er driftsoverskotet per purke 3591 kroner og arbeidsbetalinga minus 446 kroner.

Dette inneber at ein må velje mellom vedlikehald og løn. Det igjen vil seie at ein heile tida er på etterskot, heile tida spring etter. Må spare. Kutte. Tid er pengar. Pengar er tid til dyra. Tid til dyra er god dyrevelferd.

Å snu ryggen til grisebøndene, slik Kiwi gjer, er å forverre situasjonen. Det dei i staden kunne gjere, var å forplikte seg til ein pris som spegla produksjonskostnadene.

Tenk nytt

Å halde gris slik vi gjer no, inne, i betongbingar med meir eller mindre strø og halm, er ikkje noka naturlov. Det finst mange andre måtar å halde gris på, sjølv i stor skala. I Noreg har vi ikkje tradisjon for slikt: Gris har tradisjonelt vore eit familiedyr. Det inneber likevel ikkje at gris alltid har vore handsama bra; tvert om var ein einsam gris stua vekk i ein liten binge inst i kjellaren fort regelen heller enn unnataket.

Å drive med frilandsgris i temmeleg stor skala – kva som er stort, er jo veldig relativt – er noko vi må finne opp. Nokon er alt på veg, og dei syner at det finst ikkje berre éin, men mange måtar å gjere det på: på flate åkrar, i hytter, på fjellet og ikkje minst i skogen. Grisar bør inn i kampen mot attgroing i Noreg. Akkurat korleis, står att å finne ut, men det kan vi klare – om vi vil. Og vi vil gjerne ha både Kiwi og dei andre daglegvarekjedene med på laget.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvaliteten på dyre-

velferda heng saman

med kvaliteten på
bondevelferda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis