Frå matfatet
Grasbasert kjøt
Ei ny merkeordning for grasfôra kjøt må ikkje drukne i mengda.
Kvar er norsk jordbruk på veg – til fjells eller inn i fjøset? Ja takk, begge deler, seier denne gjengen her.
Foto: Lise Åserud (FRB) / NTB
Ein skulle jo eigentleg tru det var sjølvsagt. Eg meiner, om ein ser på Noreg ovanfrå, er jo berre 3 prosent av landet vårt jordbruksareal. Og berre ein tredjedel av dette er godt nok jordbruksareal til å dyrke korn og potet, raudbetar og lauk og slikt. Dei andre 2 prosentane dyrkar vi gras på, gras til dyra våre. Resten av Noreg er heldigvis ikkje berre betong og stein, veg og hus, men også gras- og skogdekt areal, sånt som vi gjerne kallar utmarks- eller fjellbeite.
Når nærare halvparten av Noreg er slikt areal, skulle vi tru det var var her maten vår kom frå. At kjøtet og mjølka vi kjøpte i butikken, det kjem frå dette landskapet.
Og så er det ikkje slik. Det meste av kjøtet vi et, kjem frå dyr som har stått i ein fjøs og ete kraftfôr som kan kome frå kor som helst i verda. Ein del av det kjem frå norske åkrar, det er sant, men det er åkrar der vi truleg kunne dyrka meir menneskemat om berre politikken, systemet og marknaden hadde lagt til rette for det.
No gjer dei ikkje det. Over halvparten av kjøtet Noreg produserte i 2022, var frå fjørfe og svin som et lite anna enn kraftfôr. Og sjølv drøvtyggarane kyr, geiter og sauar et monalege mengder kraftfôr – for ei mjølkeku ligg snittet på kring 45 prosent.
Motstandarane
Kva synest bøndene sjølve om dette? Dei er nok like delte som resten av oss. Kraftfôr er eit sunt og godt hjelpemiddel i dyrevelferd og matproduksjon, men mange er nok samde i at hjelpemiddelet har bikka over no, når det nærast er ei vedteken sanning at ein ikkje kan klare husdyrproduksjonen utan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.