Glyfosat

Korleis vart jordbruket avhengig av eitt einaste stoff?

Hovudproblemet er ikkje om glyfosat er bitte litt eller veldig kreftframkallande, viss det i det heile tatt er det. Hovudproblemet er at matproduksjonen i verda er vorten avhengig av eitt enkelt stoff, skriv Siri Helle.
Hovudproblemet er ikkje om glyfosat er bitte litt eller veldig kreftframkallande, viss det i det heile tatt er det. Hovudproblemet er at matproduksjonen i verda er vorten avhengig av eitt enkelt stoff, skriv Siri Helle.
Publisert

Frå 15. desember vert verdas mest brukte plantevernmiddel, glyfosat, forbode å bruke i Europa. Godkjenninga for fem nye år vart førre veke stemt ned i EU-kommisjonens underkomité for plantevernmiddel.

Glyfosat er eit ugrasmiddel som med hjelp av eit enzym blokkerer danning av aminosyrer i grøne planter. På verdsbasis er produksjonen 800.000 tonn årleg. Noreg brukar kring 250 tonn kvart år.

Vedtaket vart gjort i ein underkomité til EU-kommisjonen. Det er altså mogleg å ta avgjersla opp til vurdering på høgare nivå, og mykje tyder på at det kjem til å skje. Mest truleg kjem kommisjonen ein gong før 25. november til å vedta eit nytt løyve for tre år. Det er det likevel ingen som vil vere særleg nøgde med: Kommisjonen ynskjer at medlemslanda skal klare å verte samde i ei betent sak, og landbruksnæringa ynskjer ikkje omkamp alt i 2020.

Kreft

Ein lyt vere samd i at glyfosat er kontroversielt. Per i dag er glyfosat ikkje kreftframkallande i Europa – medan det er kreftframkallande i California. I tillegg er alle studiar knytte til stoffet prega av det som tidlegare kom fram i dei såkalla «Monsanto Papers». Monsanto er den største produsenten av glyfosat gjennom merkevara Roundup. Tusenvis av lekte interne e-postar og memo syner korleis selskapet har prøvd å få produktet deira til å verke betre enn det er, og til å underslå uvisse. Nyleg synte det seg at firmaet Monsanto har brukt for å risikovurdere produktet deira, Bundersinstitut für Risikobewertung, har kopiert ein i overkant stor del av vurderinga rett frå Monsantos eigen søknad.

I Noreg vert dei som meiner glyfosat er skadeleg, framleis framstilte som hippiar med litt for stor tru på konspirasjonsteoriar. Det er meir enn litt merkeleg. Meiner vi altså at politikarar på europeisk toppnivå frå land som Frankrike, Belgia, Italia og Austerrike lit meir på konspirasjonsteoriar enn på deira eige tilsyn, ECPA? Eller kan det vere at motstandarane har litt reell vekt bak argumenta, dei òg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement