JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Glyfosat

Korleis vart jordbruket avhengig av eitt einaste stoff?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudproblemet er ikkje om glyfosat er bitte litt eller veldig kreftframkallande, viss det i det heile tatt er det. Hovudproblemet er at matproduksjonen i verda er vorten avhengig av eitt enkelt stoff, skriv Siri Helle.

Foto: Reed Saxon/AP/NTB scanpix

4174
20171117
4174
20171117

Frå 15. desember vert verdas mest brukte plantevernmiddel, glyfosat, forbode å bruke i Europa. Godkjenninga for fem nye år vart førre veke stemt ned i EU-kommisjonens underkomité for plantevernmiddel.

Glyfosat er eit ugrasmiddel som med hjelp av eit enzym blokkerer danning av aminosyrer i grøne planter. På verdsbasis er produksjonen 800.000 tonn årleg. Noreg brukar kring 250 tonn kvart år.

Vedtaket vart gjort i ein underkomité til EU-kommisjonen. Det er altså mogleg å ta avgjersla opp til vurdering på høgare nivå, og mykje tyder på at det kjem til å skje. Mest truleg kjem kommisjonen ein gong før 25. november til å vedta eit nytt løyve for tre år. Det er det likevel ingen som vil vere særleg nøgde med: Kommisjonen ynskjer at medlemslanda skal klare å verte samde i ei betent sak, og landbruksnæringa ynskjer ikkje omkamp alt i 2020.

Kreft

Ein lyt vere samd i at glyfosat er kontroversielt. Per i dag er glyfosat ikkje kreftframkallande i Europa – medan det er kreftframkallande i California. I tillegg er alle studiar knytte til stoffet prega av det som tidlegare kom fram i dei såkalla «Monsanto Papers». Monsanto er den største produsenten av glyfosat gjennom merkevara Roundup. Tusenvis av lekte interne e-postar og memo syner korleis selskapet har prøvd å få produktet deira til å verke betre enn det er, og til å underslå uvisse. Nyleg synte det seg at firmaet Monsanto har brukt for å risikovurdere produktet deira, Bundersinstitut für Risikobewertung, har kopiert ein i overkant stor del av vurderinga rett frå Monsantos eigen søknad.

I Noreg vert dei som meiner glyfosat er skadeleg, framleis framstilte som hippiar med litt for stor tru på konspirasjonsteoriar. Det er meir enn litt merkeleg. Meiner vi altså at politikarar på europeisk toppnivå frå land som Frankrike, Belgia, Italia og Austerrike lit meir på konspirasjonsteoriar enn på deira eige tilsyn, ECPA? Eller kan det vere at motstandarane har litt reell vekt bak argumenta, dei òg?

Det er liten tvil om at det er store hol i glyfosatkunnskapen. Til dømes er ikkje glyfosat del av det norske overvakingsprogrammet for jord og vatn i landbruket, JOVA. Årsaka er at glyfosat ikkje høver i multimetodane JOVA bruker. Difor vert analysane for dyre. Sist dei gjorde analysar, i 2014/15, fann dei restar i 17 av 18 analyserte prøver. Kvifor stiller ikkje styresmaktene krav til produsentar om at dei utviklar ein rimeleg analysemetode?

Hovudproblemet

Kva skal ein vanleg bonde, ein vanleg EU-politikar eller ein vanleg forbrukar tru om alt dette? Lat oss ta eit steg attende. Hovudproblemet er ikkje om glyfosat er bitte litt eller veldig kreftframkallande, viss det i det heile tatt er det. Hovudproblemet er at matproduksjonen i verda tilsynelatande er vorte heilt avhengig av eitt enkelt stoff.

Jordbruket er ei så mangfaldig næring – vi veit om 60.000 ulike etelege vekstar i verda, og berre i ei matskei jord er det fleire levande organismar enn det er menneske på jorda. Likevel har det klart å plassere seg sjølv i ein situasjon kor det nærast kollapsar utan enkel tilgang på glyfosat.

Det skumle er sjølvsagt å sitje i rike Noreg og hevde at jordbruket treng ein pause frå glyfosat. Det er ikkje meg det kjem til å gå utover at avlingane i Europa på kort sikt kjem til å gå kraftig ned, og det er på sin plass å spørje om ei brå avvenning eigentleg gagnar næringa meir enn det gagnar motstandarane.

Vi treng å fase ut eller i det minste trappe kraftig ned glyfosat, men vi treng ein omstillingsplan fyrst. Alle økologiske bønder veit at å berre fjerne plantevernmiddel og kunstgjødsel ikkje gjev god agronomi. Ein må ha på plass alternative tiltak. Mange av dei finst, men dei må gjerast tilgjengelege for produsentane.

Her kunne til dømes Noreg ha bidrege positivt. I staden er vi livredde og brukar alt vi har av påverknadskraft på å få glyfosat godkjent på nytt. Men glyfosatet kjem ikkje til å vare evig.

Dette liknar på ein diskusjon vi kjenner frå før: Skal vi vere budde på endringa, eller late henne ta oss på senga?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Noreg vert dei

som meiner glyfosat

er skadeleg,

framleis framstilte

som hippiar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis