Gjær
Det burde ikkje vere naudsynt å sende sopp over landegrensene.
Tørrgjær er mangelvare no til dags.
Foto: Wikimedia Commons
«Utsolgt fra leverandør.» Jepp, i skrivande stund, som det heiter, er nettbutikkane til både Rema (kolonial.no) og Meny tomme for gjær. Det er dei ikkje fordi butikkane sjølve ikkje har skjøna at vi alle får lyst til å bake (og hamstre) når vi er heime heile tida, men fordi det ikkje er meir gjær å få kjøpt. Leverandøren, som i dette tilfellet er Orkla-eigde Idun Industri, har nett no ikkje meir tørrgjær å levere.
To veker er gått sidan vi stengde oss inne. Kva tid får vi meir? Kor lang tid tar det eigentleg å produsere gjær? Kva er eigentleg det føretrekte hevemiddelet vårt?
Sopp i lufta
Gjær er ein sopp. Så langt burde alt vere greitt. Bortsett frå at det ikkje er det, sidan sopp er blant landorganismane vi veit minst om. Vi veit at sopp formeirar seg med sporar og kan ha kilometerlange hyfar som bind dei saman under jorda, men grunnleggande ting som kvifor dei slepper sporane sine når dei gjer (det er ikkje heilt noko system i det), det skjønar vi ikkje.
Men er det ein sopp vi no veit litt om, må det vere gjærsoppen. I det minste har vi lært oss både korleis vi skal bruke han, og korleis vi skal dyrke han.
Gjærsopp finst overalt i lufta kring oss. For å fange han treng du berre eit høveleg vekstmedium: Bland mjøl og vatn og lat det stå i romtemperatur med tilgang på luft, så har du byrjinga på ein surdeig, som til sjuande og sist er verken meir eller mindre enn luftfanga sopp og bakteriar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.