Frå historia

Geita som skurk

Geiter var uønskte på Røros i 1690.
Geiter var uønskte på Røros i 1690.
Publisert

Menneska lever i naturen og av naturen, og har alltid gjort det. Naturen gjev vêr og vind, sol og regn, mat og annan energi, skog og jordsmonn, alt vi treng for å ha halde oss ved livet, dei åra kvar og ein av oss får. Naturen er ein hovudressurs i livet vårt. Og, som med alle andre ressursar, blir det kamp om tilgang til han.

Mykje av dagens kamp handlar om denne ressurskampen: oljepolitikken og annan energipolitikk, grunnrentedebatten for fiskeindustrien, alle former for naturvern, og mykje meir.

Mykje av kampen handlar om å få statsmaktene på si side.

Kampen er ikkje ny i historia. På 1600-talet var bergverka i framgang, ei veksande næring rundt i landet. Bergverka trong skog og ved, til produksjonen og transporten. Her dukka ein fiende opp: geita.

Geita, dette favorittdyret til Vinje, beitar på og øydelegg småtre i barskogen. Ho var i konflikt med ei veksande næring. Egil Simensen og Bjørn Brænd fortel om denne konflikten i ei boka om småfehaldet i Nord-­Østerdal.

I 1690 la bergamtet Nordafjells, statens forlengde arm, ned forbod mot å ha geiter for alle som budde nær Røros Kobberverk. Forbodet kom til å vare og fekk etter kvart eit tillegg om straff for dei som braut det.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel