Frukt
Nok ein gong: Det er ikkje storleiken det kjem an på. I alle fall ikkje den horisontale.
Hardanger er Noregs frukthjarte – men berre om både små og store får vere med.
Foto: Jan Dahl / NTB scanpix
Kva er det som avgjer kva mat vi produserer i Noreg? Klimaet har sjølvsagt ein del å seie: Vi dyrkar kveite og potet, ikkje ris og mais. Så har vi marknaden – uansett kor hardt enkelte forsøker, har det berre i avgrensa grad lukkast å få deg og meg til å ete tang, tare og insekt. Sist, men ikkje minst, har vi politikken – og med han, dei statlege pengane. No, når det går mot jordbruksoppgjer, kjem vi mest truleg til å sjå meir til denne openbert viktige sida av saka.
Nokre gonger er det likevel uventa sider av politikken som får utilsikta stor påverknadskraft på matproduksjonen vår. Som når samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til eit nytt fylke fører til at Innovasjon Norge slår saman retningslinjene for grensa for kva frukt- og bærhagar som får stønad. Der ein i Sogn og Fjordane har fått stønad til areal større enn fem dekar, har ein i Hordaland fått stønad frå tre dekar. Det vil Innovasjon Norge no gjere slutt på.
Dyr etablering
Stønaden går til både fornying og nyplanting av frukthagar og dekkjesystem for bær. Ein kan få tilskot på opp til 35 prosent av kostnadane. Å etablere fruktfelt er ikkje gratis: Rettleiande kostnadsoverslag seier 75.000 kroner per dekar for planting av eple og pære, 60. 000 kroner for plommer og opp til 125.000 kroner per dekar morellar med dekkjesystem. Tre, vatnings- og gjødslingssystem kostar pengar. Og sidan avlingane ikkje er særleg store dei fyrste åra, kjem utgiftene langt føre inntektene. Då seier det seg sjølv at ein vil strekke seg langt for å kome inn under ei slik tilskotsordning.
Verken tre eller fem dekar er særleg store teigar. Ein gjennomsnittleg Biltema-butikk er om lag 3000 kvadratmeter stor. Er det likevel den horisontale storleiken som skal vere avgjerande for om eit område er drivverdig som frukthage eller ikkje?
Lys er avgjerande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.