Frå matfatet
Frukostblanding
Det er ikkje berre i tillaginga at maten kan vere for rask.
Tøft med gryn og mjølk: Her kan ein framleis sjå at korna er korn. Har det vorte for tøft for mange av oss?
Foto: Frank May / NTB
Ei skål, ei skei, eit mjølkeprodukt og gryn frå ein kartong eller ein pose – stort enklare måltid enn frukostblanding får du nok ikkje. Likevel kan det ligge lang og grundig forsking bak, og diskusjonane kring kor lurt det er å ete som du gjer, kan vere langt frå avslutta. Lat oss sjå nøyare på ei ny grein på grynstammen: den nye merkevara Havrering frå kornmerkevara Axa.
Produktserien kjem i to variantar: Havrering Naturell og Havrering Mandel & Hasselnøtt. Begge variantane har nøkkelholmerket som syner oss at styresmaktene har gått god for at dei er sunnare val, begge er merkte med «Fiberrik» på framsida av pakken, og i naturellvarianten er det 80 og i nøttevarianten 75 prosent fullkorn.
Kan det då vere noko meir å lure på, spør du kanskje? Er det ikkje opp og avgjort at dette er gode produkt?
Ultraprosessert
Vel, det siste året – ja, kanskje endå lenger – har debatten gått kring revideringa av dei nordiske kosthaldsråda. Kosthaldsråda frå styresmaktene gjev råd om korleis vi bør ete – fyrst laga i eit nordisk samarbeid, og så spesifisert i konkrete råd på nasjonalt nivå. Debatten har gått både kring kva som var med, som mange meiner ikkje burde vore der, nærare bestemt berekraftsmål for kjøt, og kva råd som ikkje er å finne i tilrådingane som mange meiner burde vore der. Og då er vi ved kjernen i dag: Det mange sjølverklærte ernæringsekspertar meiner burde vore ein del av kosthaldsråda, er jo ei åtvaring mot ultraprosessert mat.
Havreringane frå Axa er slike ultraprosesserte matvarer. For å lage grove havre- og kveitekorn om til mjuke, sprø ringar som nærast smeltar på tunga, er det nødvendig å bryte havren og kveiten opp i skikkeleg små bitar og lime dei saman att. Då får ein samstundes høve til å putte inn ikkje berre smaksstoff som sukker og aroma, men òg luft – slik at frukostblandinga vert lettare å ete. Vi må tygge mindre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.