Fôrimport

Bollestad har eit problem å løyse. Men fyrst må ho innsjå at det finst.

Norsk jordbruk? Her, på eit skip lasta i Brasil, vert mykje av grunnlaget for norsk matproduksjon slik vi kjenner han, lagt.
Norsk jordbruk? Her, på eit skip lasta i Brasil, vert mykje av grunnlaget for norsk matproduksjon slik vi kjenner han, lagt.
Publisert

Vi er diverre – endå ein gong – nøydde til å snakke om fôrimport. Den openberre årsaka er at vi har ein landbruksminister som, midt i ei krise som ikkje minst handlar om forsyningar og beredskap og om å planlegge for det som ikkje var verst, men som likevel var så gale at vi i realiteten ikkje trudde det kom til å skje og så skjedde, meir enn pyntar på sanninga om kor sjølvforsynte vi i Noreg er med basisvarene mjølk, kjøt og egg.

I Dagsnytt 18 30. mars sa Olaug Bollestad at er det noko folk ikkje treng høyre i ei usikker tid, er det uvisse om vi har mat nok til alle.

Greitt nok. Men det vi heller ikkje treng, er ministrar som ikkje vågar å seie heile sanninga. For vi er diverre ikkje «bortimot fullt ut selvforsynt med kjøtt, fisk, egg, melk og meieriprodukter» i Noreg i 2020, slik Bollestad skriv i lesarbrev i fleire aviser før påske.

Ein million tonn

Norsk landbruk importerte 1 million tonn kraftfôrråvarer i 2019 – om lag halvparten av forbruket. Dersom vi av ein eller annan grunn ikkje får halde fram med å importere mais (130.000 tonn importert i 2019), soya (170.000 tonn), kveite (119.000 tonn), raps (161.000 tonn) og alle dei andre vekstane vi har gjort oss avhengige av at jorda i andre land leverer til oss jamleg, tek det ikkje lang tid før fleire av dei større produksjonane våre vert råka: Verst vil det gå ut over kyllingen, som ikkje berre overlever på innkjøpt kraftfôr aleine, men som stiller høgast krav til protein i fôret og difor har høgast importprosent. Kylling kan vi kanskje klare oss utan ein liten periode – vi kan til dømes ete overskotet av utrangerte verpehøner i staden. Då er det verre med egg og mjølk – varer vi treng kvar einaste dag. Kvar einaste dag går det kraftfôrbilar ut til norske egg- og mjølkefjøs, og får ikkje mjølkekua det fôret ho er van med, dett mjølkemengda straks.

«Det er nok mat til alle», preikar Bollestad. Det har ho mest truleg rett i. Når FAO, FNs organ for mat og jordbruk, skriv rapport om situasjonen i verda nett no, er det ikkje mengda dei er urolege for. Men dei er urolege. For forsyningslinjer, til dømes. Stengde hamner. Logistikk. Slike ting. Sånt som gjer at det i USA i dag (ifylgje New York Times) vert dumpa 14 millionar liter mjølk kvar dag. At når Russland og Ukraina, som til saman står for ein fjerdedel av korneksporten i verda, seier dei ikkje vil stenge, men avgrense nett slik eksport dei komande månadane, stig kornprisen slik at internasjonale kornprisar vert liggande over norske kornprisar for fyrste gong sidan finanskrisa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement