JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Tidsline

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
GM Georgij Timosjenko.

GM Georgij Timosjenko.

Foto: Privat

GM Georgij Timosjenko.

GM Georgij Timosjenko.

Foto: Privat

1899
20220311
1899
20220311

Sjakkverda er lita. Eg følgjer ukrainske, russisktalande vener på sosiale medium. Mange er kjende stormeistrar (GM = grandmaster) frå ein av verdas fremste sjakknasjonar.

27. februar: GM Natalja Zjukova (42), Odessa: Eg er her, i Odessa. Eg blir her. Takk for støtta frå alle som skriv. Nok ein gong: Eg reiser ingen stader. Dette er jorda mi som eg skal verja til det siste.

28. februar: GM Georgij Timosjenko (55) grip til våpen for å verja fødebyen Kyiv. GM Pavel Eljanov (38), nummer 55 på verdsrankinga, mellombels i tryggleik etter sjølv å ha flykta frå Aust-Ukraina til Lviv i vest, publiserer eit bilete av kameraten.

28. februar: Den ukrainske landslagskapteinen GM Oleksandr Sulypa (49) grip til våpen og held vakt i Lviv.

2. mars: Sjakktrenaren Aleksej Druzjinets (47) døyr i kamp i byen Tokmak i Aust-Ukraina.

2. mars: GM Igor Kovalenko (33), topprangert i Fagernes-turneringa, som Lahlum arrangerer i påska i år, legg ut ein amatørvideo der han rapporterer frå Kyiv. Han blir verande i byen for å hjelpa brørne sine som har gripe til våpen.

4. mars: WGM Diana Arutjunova (34), Kyiv: Vener, eg hatar ikkje russarar. Bestemor mi opplevde blokaden av Leningrad.

7. mars: GM Natalja Zjukova, Odessa, blandar seg inn i ein Facebook-diskusjon om deltaking av russiske sjakkspelarar i internasjonale turneringar: KORLEIS kan verda halda det gåande og leva som vanleg når det i Ukraina skjer eit folkemord, ei blodig utrydding av eit fredeleg folk???!!!

7. mars: Internasjonal meister og sjakktrenar Jevgenij Odnorozjenko (42) frå Kharkiv grip til våpen i Ukrainas nest største by, som er særs hardt råka etter russiske åtak i ei veke.

7. mars: WGM Diana Arutjunova, Kyiv: Eg måtte dra frå heimen min, som eg held så høgt. Eg freista halda ut, men i går natt var bombene overalt, vindauga riste. Men eg har overlevd endå ein dag.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis