«Studenten tok den kvite dronninga, som var slegen ut, og sette ho inn på brettet.»
Teksten er inspirert av personar eg har møtt, og hendingar eg har høyrt om.
Illustrasjonsbilete frå Sjakklubben Stjernen
Studenten (2)
Studenten kunne ikkje akseptera at han i den fyrste turneringa si, der han hadde betalt ein hundrelapp for å vinna ein større pengepremie, hadde bukka dronninga mot ein svaksynt, gamal mann. Han ville gjera trekket om att, men domaren stod på sitt. Studenten tok den kvite dronninga, som var slegen ut, og sette ho inn på brettet. Domaren fjerna dronninga. Studenten sette ho på ny inn på feltet d1. Domaren konfiskerte dronninga, putta ho i lomma og gjekk mot utgangen.
Studenten følgde etter: «Dette er eit ran! Gjev meg dronninga mi eller pengane attende!» Fleire av dei 59 andre spelarane i det tronge lokalet hadde fått nok: «Hysj!»
Domaren snudde seg mot studenten: «Om du bråkar meir no, vert du kasta ut!» «Hysj!» kom det igjen frå spelarar i djup konsentrasjon over bretta.
Studenten studerte ei deltakarliste som var hengd opp på ei tavle, og roa seg litt ned. Han kunne framleis vinna C-gruppa om han berre vann resten av partia.
Neste runde var laurdag morgon. Studenten, med null i rating og null poeng, hadde no svart på sistebord. Det var eigenleg ikkje plass til dette ekstrabordet, som til vanleg stod ved inngangen. Sjakkbrettet og klokka tok heile plassen på det vesle bordet. Bordkorta med namn på spelarane måtte skyvast under brettet. Det same gjaldt noteringsskjemaet. Det var berre plass til å skriva ned det neste trekket i skjemaet som stakk ut på bordkanten.
Studenten debuterte med siciliansk, ei opning han kjende berre ved namn. Motstandaren var ein liten gut, som knapt kunne notera. Guten spela i eit rasande tempo, og studenten vart riven med. Ingen av spelarane oppdaga at studenten stod i sjakk. Kongen hadde rokert til g8 inn i ein sjakk frå ein laupar på a2. Spelarane heldt fram i fleire trekk med kongen i sjakk.
Studenten hadde fått overtaket på brettet då domaren kom forbi. Han såg straks at stillinga var ulovleg, og stansa klokka. «Vi må rekonstruera partiet og gå attende til stillinga før rokaden», sa domaren. Studenten og domaren kika på noteringsskjemaet til guten, som var uleseleg. Båe greip etter skjemaet til studenten. Fleire brikker velta.
«Hysj!» sa resten av lokalet. Studenten sprang ut med skjemaet sitt og domaren på slep.
Ei intens, men effektiv ordveksling enda med at domaren bytte ein hundrelapp mot noteringsskjemaet, studenten trekte seg frå all organisert sjakk, og saka var ute av verda.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.