JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Oppassaren i Lviv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sovjetmeister i sjakk Leonid Stein var ikkje noko skuleljos.

Foto via Wikimedia Commons

2176
20240308
2176
20240308

Eg må skriva nokre spalter om ukrainaren Leonid Stein (1934–1973). I 1963 vann han for fyrste gong sovjetmeisterskapen (føre Spasskij), den sterkaste turneringa i verda. Gjennom den stutte karrieren vart han kjend mellom anna for positiv score mot Tal, 3–0.

Stein kom frå Vest-Ukraina og budde etter kvart i den ukrainskspråklege byen Lviv. Av di han var i sjakkeliten og reiste mykje rundt, var hovudspråket hans likevel russisk. Etter triumfen i 1963 vart dei lokale styresmaktene merksame på sjakkgeniet i byen.

Stein vart teken imot av ein høgtståande partifunksjonær. Fyrstesekretæren spurde om Stein kunne tenkja seg å studera. Tja, kvifor ikkje, tenkte Stein, som rett nok ikkje hadde vore noko skule­ljos i ungdomen. Kort tid seinare vart han teken inn på universitetet i Lviv.

Omtanken frå pampane kom uventa, av di jødar på den tida hadde store problem med å få tilgang til dei beste universiteta.

Stein fekk til og med ein eigen oppassar som skulle syta for at han stod til eksamen. Stein fortalde seinare fylgjande historie frå munnleg eksamen til sjakklitteraten Semjon Zunik (ei historie forfattaren frå Moskva delte på Internett i 2007).

«Og så skulle eg opp i historie», fortalde Stein. «Kunnskapane mine var vel litt blanda. Eg kunne få ein femmar (beste karakter), men dei kunne òg fint gje meg ein toar.

Eg trekkjer ein eksamensbillett med eit tema og byrjar svara. Oppassaren min sit og høyrer på. Eksaminator avbryt: ‘Kvifor svarar du ikkje på morsmålet ditt (ridnoju movoju)?’ Eg svarar på ukrainsk at eg kan tala morsmålet, men at eg nok meistrar russisk best. Eksaminator held fram på ukrainsk. Han bombarderer meg med spørsmål, han nyt å sjå at eg lid.

Så reiser oppassaren seg og går ut av rommet. Eg kjempar desperat åleine mot eksaminatoren. Det går mot slutten. Men så kjem oppassaren attende med pro­rektor. Prorektor set seg ved sida av eksaminator og høyrer på. Eksaminator held fram med nådelause spørsmål då prorektor snur seg og kviskrar han noko i øyret. Eg har aldri før eller seinare sett eit så perplekst andlet.

Kor som er, eksaminator gav meg ein firar.»

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis