JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Vegetarisk Toro

Lågt klimaavtrykk treng ikkje vere noko å skryte av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik kan ein vegetarisk middag sjå ut – heilt utan Toro.

Foto: Pxhere.com

4124
20210226
4124
20210226

Når Toro no lanserer ein serie vegetariske middagar, forklarar dei mellom anna satsinga med at «vegetarisk er en sterkt voksende trend». Allereie der trur eg dei bommar: Eg trur ikkje meir grønt og mindre kjøt i det norske kosthaldet er ein trend. Eg trur det er noko som er kome for å bli.

Ikkje at vi skal ned på Gunhild Stordalens 14 gram om dagen. Heller ikkje at vi skal rekne oss blinde på klimagassutslepp frå eit fornybart metankrinsløp. Men at vi skal sjå litt på den delen av kjøtforbruket vårt som har eksplodert dei siste tiåra – og då snakkar eg særleg om fjørfekjøt, svinekjøt og tilarbeidde produkt (til dømes pølser, burgarar og kjøt i ferdigrettar).

Vi kan godt tenke litt meir kvalitet når vi et mat høgast i næringskjeda – som kjøt er. Vi kan tenke dyrevelferd, helse – og klima. Men det treng ikkje innebere at vi må ta til takke med alt matbransjen serverer oss som vegetarisk med lågt klimafotavtrykk. Det vil framfor alt ikkje seie at vi treng å kaste oss over den nye vegetariske middagsserien til Toro.

Mykje må kjøpast

For kva er det eigentleg vi får i den serien? Grønsaklasagne, grønsakbolognese, chili sin carne og indisk linsegryte er rettane Toro har laga for oss. Eller har dei eigentleg det?

Vi treng ikkje sjå lenger enn til framsida av posane for å oppdage at dei har overlate temmeleg mykje til oss forbrukarar: Grønsakbolognesen skal tilsettast hakka tomat, linser på boks, gulrøter og purre. Til lasagnen må vi sjølve stille med gulrot, spinat, sopp, mjølk og ost, i chiligryta står vi for tomatar på boks, bønner og paprika – og i den indiske linsegryta har Toro overlate både linser, kokosmjølk og blomkål til meg og deg på kjøkkenet.

Kva står vi att med då? Nokre få grønsaker er det i posane, men tomatsausen til så vel bolognesen som lasagnen hentar i stor grad smaken sin frå aromastoff og er spedd ut med stivelse. I chiligryta er det 67 prosent ris, så lauk, tomat og paprika, nokre krydder – og sukker, aroma og maisstivelse. Verst er likevel den indiske linsegryta, som etter 45 prosent linser berre inneheld krydder og tomme fyllingrediensar som sukker, solsikkeolje, glukosesirup, gjærekstrakt og maltodekstrin.

Misforstå meg rett: Krydringa er ein stor del av suksessfaktorar i gryterettar, anten dei kjem frå Italia, Mexico eller India. Likar du krydderblandinga til Toro, er det ikkje noko i vegen for å bruke pengar på ho. Men likar du ho ikkje, klarar du like fint å lage grønsaksrettane Toro vil selje deg, heilt frå botnen av, heilt utan Toro-pose. Det skal ikkje eingong ta deg særleg mykje lengre tid.

Gjer lite, set få spor

For det er ikkje så rart Toro klarar å lage produkt med det dei sjølve seier er lågt klimaavtrykk: Mellom 0,5 og 0,8 CO2-ekvivalentar per porsjon «ved standard tilberedning», seier dei sjølve. Lett nok, det, så lenge innhaldet i posane er så avgrensa. Og kva er standard tillaging? Med sopp frå skogen eller sopp frå Polen, til dømes? Lokal ost eller italiensk parmesan?

Skal vi vere glade for at Toro ikkje har putta for mange tørka grønsaker opp i posane? Å frakte grønsakene kringom i landet – og verda – i dehydrert form ville jo ha sine klimatiske fordelar: Det kan vere rett å stille spørsmål ved det å køyre rundt på tonnevis av vatn for å gje oss optimale smaksopplevingar.

Kanskje er det likevel ikkje grønsakene vi skal knipe CO2-gram på i denne situasjonen. Dei fleste grønsaker er trass alt meir næringsrike og – ikkje minst, særleg om ein skal lære opp ein ny generasjon – meir delikate, sprø og gode når dei er ferske, enn når dei er dehydrerte.

Tommelfingerregelen er slik at di mindre behandla ei råvare er, di sunnare og betre er ho. Difor kan vi heller ete bønnene og linsene våre frå tørr tilstand. I staden for å kjøpe dei på boks, slik Toro tilrår, kan vi kjøpe dei tørka, som er stadiet før utvatna og kokt og hermetisert.

Det er temmeleg mykje Toro tilrår som vi berre kan late vere å gjere og sitje att med eit enklare og meir smaksrikt middagsliv heilt utan pose.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi kan godt tenke litt meir kvalitet når vi et mat høgast i næringskjeda. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis