JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Torsk

Ein ekte lofottorsk treng ingen tur til Polen for å hamne på norske middagsbord.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg er god på torsk, men vi har litt å gå på når det gjeld foredling.

Foto: Cecilia Helmerson / Titan / UiO / NTB

3729
20210820
3729
20210820

Kva er det Noreg er heilt uslåelege på? Ja, vi er gode på ski, men framleis er det nokon som slår oss no og då – i det minste når Therese Johaug er på ferie. Vi kan pumpe opp masse olje, men er langt unna dei største produsentane i verda, og sjølv om nokon kan meine det er typisk norsk å vere god, har vi enno ikkje kome så langt at vi brautar på oss at det er typisk norsk å vere best. Heldigvis.

På eitt felt bør vi likevel kunne vere i nærleiken: I konkurransen om verdas beste sjømat. Berre tenk på alt vi har å ta av, frå krabbe, blåskjel, hummar og kreps til digre kveiter, bitte små reker og endå til monsterstor kval. Ja, berre innanfor torskebestanden har vi eit veldig mangfald: frå den svære skreien som kjem nedover kysten vår vinterstid, via kysttorsken som bur utanfor oss heile året, til den vesle taretorsken vi tar med stong og garn.

Er det ikkje rart, då, at forbruket av fisk og sjømat har gått ned med nesten ti prosent sidan 2015?

Og er det ikkje påfylgjande rart at ein stadig mindre del av fisken vert foredla innanlands? Ein ting er fisken som faktisk skal ut av landet, som eksport – men sjølv fisken vi sjølve et, klarar vi ikkje lenger å foredle her i landet.

Prisskilnaden

På Coop i dag fann eg to utgåver av større pakkar med singelfrosne torskefiletar. Den eine var frå deira eiga merkevare Xtra og kosta 102 kroner per kilo. Den andre var frå Lerøy og kosta 119 kroner per kilo på tilbod – til vanleg 171 kroner.

Skilnaden? Lerøy produserer sine filetar i Noregs vestlegaste fiskevær, Bulandet, eit levande øysamfunn heilt ytst i Sogn og Fjordane. Her er det framleis skule, butikk og kafé, og i eit historisk perspektiv nyvinningar som galleri, temapark for turistar, steinindustri og landbasert oppdrett.

I botnen, likevel, ligg fiskemottaket – og foredlingsarbeidet som vert utført for Lerøy. Bulandet har hav på alle kantar, ja, sjølv i midten – øysamfunnet består av éi øy for kvar dag i året. Sjølvsagt er det fiske ein skal drive med her ute. Sjølvsagt skal Bulandet forsyne Noreg med fisk. Kvifor i alle dagar skal vi sende fisk andre stadar når vi har råstoff og anlegg rett ved fiskefelta?

Likevel er det nettopp det vi – eller nærare bestemt Coop – gjer. Torskefiletane frå Xtra er òg foredla i nærleiken av eit hav. Men dette havet er eit innhav, og det heiter Austersjøen – for fabrikken som foredlar for Xtra, heiter Espersen Koszalin og ligg i Polen.

Det sparar dei, tilsynelatande, i sisteleddet opptil 70 kroner kiloet på. Og med det kan vi, du og eg, spare dei same 70 kronene.

Skjult kostnad

Eller kan vi det? Vi sparar i eine enden, ja, men kva taper vi i den andre når vi ikkje klarar å foredle råvarene våre sjølve? Historia har synt oss at det sjeldan løner seg å vere råvareleverandør – det er ikkje få koloniar som har vorte haldne attende i utvikling ved at råvarene deira vert tvangssende til koloniherren i vestverda. Det er i foredlinga verdiane vert skapte. Vi veit det så godt. Vi klarar berre ikkje å få det heilt til.

For Coop er langt ifrå åleine om å flagge ut torskeforedlinga si. Findus har i årevis sendt sin torsk tur-retur Kina for å lage det dei kallar Gourmet filet. First Price torsk frå Spar er foredla i Litauen, og i ein annan pose merkt Østlandske formidling AS finn eg torsk foredla i Polen.

Heldigvis fins det framleis unntak – som Lerøy og deira fabrikk i Bulandet – som gjer det lett for meg og deg å vite kva vi skal ha til middag:

Kjøper eg torsk Xtra, Findus eller First Price? Nei takk, eg held meg til den tøffaste torsken – den Lerøy har klart å få foredla innanlands.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Coop er langt ifrå åleine om å flagge ut torskeforedlinga si.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis