JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Tine protein

Meieri med proteinoppheng lagar storm i eit mjølkeglas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Proteindrikk: Ja, heldigvis er det protein i mjølk.

Foto: Pxhere.com

4123
20210416
4123
20210416

At Tine lanserer nye produkt om lag på denne tida, er ikkje noko nytt. I daglegvarebransjen er det såkalla lanseringsvindauge fleire gonger i året. At brorparten av produkta ikkje per definisjon er nye, men nye variantar av eksisterande produkt (nye aromastoff i yoghurten og biolaen, til dømes) er heller ikkje anna enn akkurat slik det plar vere – ein tredjedel av nyhenda i matvarebransjen er til kvar tid slike relanseringar.

Produsentane pakkar inn produkta sine i ny emballasje og marknadsfører dei med nye ord, og nokre av dei orda syner til innhald av sunne næringsstoff og fråvær av næringsstoff vi ser på som usunne: lite feitt, lite salt, rik omega 3-kjelde og rik på protein er nokre døme dei fleste av oss nok kjenner frå før.

Og det er nettopp i denne kategorien Tine utmerker seg denne gongen: Av 23 meir eller mindre nye produkt vert 12 marknadsførte som proteinrike.

Mjølk må ha protein

Nokre av dei, til dømes Norvegia lettost og den nye Norvegia smøreost med pepar og paprika, har endåtil fått slagordet «naturlig proteinrik». Og det er dei sånn sett i sin fulle rett til å gjere: Mjølk, som jo er råvara norske bønder har sett Tine til å forvalte, inneheld heilt naturleg ei god mengde protein. Noko anna hadde vore rart: Mjølk er jo laga for at nyfødde dyr skal vekse til, og utan protein vert det ikkje rare muskelveksten verken hjå menneske eller hjå andre dyr.

Kor mykje protein det er i mjølk, varierer likevel mellom dyreslaga. Sau har over 5 prosent, kumjølk ligg mellom 3 og 4, geitemjølk kring 3, hestemjølk er nede på nærare 2 prosent – om lag på linje med menneskemjølk. Dette er årsaka til at babyar ikkje skal få kumjølk: Dei må ha protein, men for mykje protein kan verte ei belastning for lever og nyrer.

For kroppen vår klarar berre å handtere ei viss mengde protein kvar dag. For vaksne seier tommelfingerregelen eit gram per kilo kroppsvekt, noko som svarar til mellom 10 og 20 prosent av energiinntaket. Overskotet kan verte lagra som feitt, eller omdanna til ammoniakk som kroppen må kvitte seg med, og det er dette som belastar nyrer og lever.

Vaksne menneske har vanskeleg for å få i seg så mykje protein at det vert farleg – med to unntak: Det eine er om dei er disponerte for nyre- og leversjukdommar, og det andre er om dei, som stadig fleire gjer, inntek protein i kunstige former, til dømes proteinpulver og ulike treningsdrikkar.

Ikkje-problemet

Slik sett er Tine framleis innanfor i si marknadsføring av naturleg protein: Med unnatak av barane Tine produserer i Yt-serien, er ingen av produkta deira tilsette ekstra protein utover det som finst naturleg i mjølka. Yt proteinmjølk har høgare innhald av protein fordi vatn og andre næringsstoff er filtrerte vekk, ikkje fordi meir protein er tilsett, til dømes. Lettost får høgare proteindel fordi han inneheld mindre feitt enn heilfeit ost. Det vert altså ikkje meir protein i osten, men fordi det vert færre andre næringsstoff, utgjer protein ein større del.

Greitt nok. Men om det ikkje er noko gale i Tines marknadsføring av eigne protein – kvifor skrive om det då?

Nettopp fordi inntaket av protein i det store og det heile og for dei aller, aller fleste ikkje er noko problem i norsk kosthald. «Gjennomsnittskostens innhold av protein har økt frå 12 til 15 prosent av energiinntaket i løpet av de siste 30 årene», ifylgje kosthaldsråda frå Helsedirektoratet. For dei av oss som er friske, og det er heldigvis dei fleste, er det nok.

Vi treng ikkje uroe oss. Og sjølv om det ikkje er det Tine ber oss om å gjere, så er det like fullt fort det dei endar med: Ved å rope så høgt om eit enkelt næringsstoff får dei oss til å tru at det er noko vi må bruke tid og krefter på å tenke på, når det vi eigentleg burde bruke den tida på, berre er å ete variert: litt meieriprodukt, litt kjøt, mykje fisk og mykje grønsaker, og litt godteri no og då. Så kjem proteina av seg sjølv.

Verre er det ikkje, og eg skulle ynske Tine (og andre) kunne rope litt høgare om det i staden for å risikere å lage problem som ikkje eksisterer.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi treng ikkje uroe oss. 

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis