JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Tine og osten

Vi hippar for VM-medaljar, men hugsar at kvardagane framleis er viktigast. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ostedømming: 4500 ostar var samla til VM i ost i Trondheim i oktober.

Foto: Elisabeth Fagerland

4268
20231110
4268
20231110

For eit par veker sidan var Noreg, representert ved Trondheim, vert for VM i ost. 4500 ostar frå heile verda var påmelde. Av dei minst fem variantar av fransk roquefort, 63 typar britisk cheddar og ikkje mindre enn 147 variantar av italiensk parmigiano. Og, midt i det heile: 293 norske ostar.

Hadde dei noko å stille opp med mot dei internasjonale kjendisane? Visst hadde dei det. Norsk ost – representert ved Gangstad Gårdsysteris Nidelven blå – vann jo heile sulamitten. Hurra!

Nidelven blå segla langt frå aleine på den norske medaljeferda. Premiering av ost fungerer slik at alle ostar som fortener gull-, sølv- eller bronsemedalje, får det. Til saman 2118 ostar fekk slik heider under World Cheese Awards i Trondheim. Av dei var 157 norske. Vidare får nokre utvalde supergull – i Trondheim vart det delt ut 101 slike medaljar. Åtte av dei gjekk til norske ostar.

Kraftkar frå Tingvoll ost fekk sitt supergull, det same gjorde ein seterost frå Brimi Seter og ein brun geitost frå Aalan Gard. Alle er dei på eit eller anna vis produkt av den småskala ysterevolusjonen som har gått føre seg her til lands dei siste par–tre tiåra. Mengda smaksmagi som er produsert her, er nesten utruleg.

Men det norske medaljedrysset trefte ikkje berre småskalaprodusentane. Den leiande meierivareleverandøren, Tine, har delteke i oste-VM tidlegare, men då mest med små osteproduksjonar som berre er tilgjengelege i horeca-marknaden. I år har dei tenkt litt annleis.

Tine melde på dei tre største, kommersielle brunostane sine – Fløytemysost, Gudbrandsdalsost og Geitost – og alle tre fekk gullmedalje. Det same fekk blåmuggosten Selbu Blå og kremosten Snøfrisk Kantarell. Ti Tine-ostar vi alle kjenner, fekk sølv- og bronsemedaljar, mellom dei Jarlsberg, Østavind og Gamalost.

Dempar på ærekjensla

Med andre ord: Tine har ingenting å skamme seg over. Tvert om: Dei – og med dei også alle norske mjølkebønder som både eig og leverer mjølka si til samvirket med mottaksplikt – har all grunn til å vere stolte av heile produksjonskjeda, frå graset på bøen via råvara til produktet.

Likevel er det ikkje fyrst og fremst ærekjensle som pregar Tine for tida. Berre ei dryg veke før oste-VM kom meldinga om at Tine legg ned to meieri, minskar produksjonen på fleire og fjernar til saman 100 årsverk.

Og det er ikkje fyrste gongen. I 1980 hadde Tine – som då var Norske Meierier – 178 meieri i Noreg. I 2010 var talet redusert til 43. Etter det siste kuttet i oktober er dei nede i 30.

Medaljedrysset frå Trondheim syner at Tine har klart overgangen utan store tap i produktkvaliteten – og det er viktig, ikkje minst for dei drygt 8000 mjølkebøndene som eig og er heilt avhengige av Tine. Likevel er dei fleste samde om at det ikkje er slik ein ynskjer at meierisamvirket skal fungere.

Kva er eit framsteg?

Måndag 30. oktober skreiv mjølkebonde og forfattar Kathrine Kinn i Klassekampen: «En del tenker nok at få bønder i et samfunn vitner om framskritt. […] Jeg ser annerledes på det. Jeg ser folk som vil produsere mat, men som ikke har råd til å bære kostnaden.»

Eg trur mykje av dette er overførbart til produsentleddet Tine. Mykje kan seiast om feil Tine sjølv har gjort dei siste åra – med storsatsing på Jarlsberg-meieri i Irland som toppen av ostekaka. Det er likevel ikkje til å kome unna at det må vere krevjande å få økonomi i å hente mjølk frå kvar einaste vesle fjøs og samstundes konkurrere med stadig meir import frå eit heilt anna landbruk utanlands og daglegvarekjeder som helst vil selje sine eigne merkevarer – blant anna.

Ein drøss med rapportar har den siste tida synt at vi ikkje har råd til å la vere å halde matberedskapen vår ved like. «Vi er for dårlig forberedt», kom det til dømes frå Riksrevisjonen i ein gjennomgang av norsk matberedskap dagen etter at Tine gjorde sine meierikutt.

Medaljar er vel og bra, men viktigast av alt er kvardagane. Skal dei verte gode for mjølkebønder framover, må det køyrast i gang ein landbruks- og næringspolitikk som sikrar at dette meierikuttet vert det aller siste Tine treng å gjere. 30 meieri er allereie altfor få. Vi har ingen fleire å miste.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje fyrst og fremst ærekjensle som pregar Tine for tida. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis