JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Sukkeravgift

Ja takk til både arbeidsplassar og folkehelse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Herre min hatt. Det er litt vanskeleg å styre seg, er det ikkje? Kanskje treng vi litt hjelp?

Foto: pxhere.com

3638
20201211
3638
20201211

Lytt til artikkelen:

Det har vorte sagt før, men vi seier det igjen: Det seier litt om eit land, ein stat, eit (eller fleire) parti, at det viktigaste å få gjennom i det pandemiske året 2020, var lågare avgiftar på sukkerhaldig mat. Og det det seier, er knappast godord.

OK, truleg grensehandla vi med Sverige for 16 milliardar kroner i 2019. Ein god del av varene vi kjøpte, var kjøt og ost og alkohol, men ein god del var godteri og brus. Men må løysinga vere å fjerne avgifta heilt, slik at søte saker vert endå billegare enn dei allereie er?

Billege kaloriar

Allereie billeg, seier du? Er godteri billeg? Det verkar då ikkje sånn, når godteposane til bursdagsfeiringa til åtteåringen skal handlast inn?

Nei, kanskje ikkje i kroner og øre, men lat oss sjå kva du betalar for: Kva kostar kaloriane?

Med utgangspunkt i prisane på Kolonial.no søndag 6. desember har eg fått fylgjande resultat på fem tilfeldig valde varer: Freia Melkesjokolade 200 gram, 2,2 øre per kalori. Gulrot vasket Norge, 9,97 øre per kalori. Tyrkisk pepper Original 120 gram, 7,9 øre per kalori. Grans julebrus 1,5 liter, 1,53 øre per kalori og, sist men ikkje minst, Tine lettmjølk 4,29 øre per kalori.

Altså kan det synast som di tommare produkta er for andre næringsstoff enn sukker, di billegare er kaloriane. Vi skal vere litt varsame med å generalisere berre basert på denne testen, men det finst grundigare forsking som syner det same: Det billegaste du kan livnære deg på, er næringsfattig mat. Og di sunnare maten vert, di dyrare vert han.  

Bør løysinga vere å gjere usunn mat dyrare – eller sunn mat billegare? Vel, medan gjennomsnittsløna i Noreg i 2018 var 42.000 kroner i månaden, tente tolv grupper arbeidstakarar i matvarekjeda i snitt 27.000 kroner i månaden. Dei tener ikkje på lågare matprisar. Årsaka til at maten verkar dyr, for forbrukaren, er mange fordyrande mellomledd, ikkje at primærprodusenten set for høg pris.

Eitt mellomledd er sjølvsagt avgifter, og ein del av desse arbeidarane jobbar i ein bransje som lid under sukkeravgifta. Difor er arbeidsplassar eit av argumenta som vert nytta for å fjerne henne. Sjølv om NHO slit med å prove at avgifter aukar grensehandelen: Deira eigne undersøkingar syner ja, andre syner nei.

Men må vi velje mellom arbeidsplassar og folkehelse? Kva om vi, ved å flytte avgifta og kalle henne noko anna, kunne fått begge delar?

Junk-food-skatt?

Slik det er no, er det produsenten som er ansvarleg for sukkeravgifta. Produsenten må kvar månad registrere og rapporterte kor store mengder av avgiftslagd råvare som er brukt, seld og lagerført. Kva med å flytte ansvaret dit livsstilsjukdommane oppstår – til forbrukaren?

Ja, vi snakkar om ein skatt, men det er ikkje så skummelt som det høyrest ut: I Storbritannia har folk sidan 2016 betalt mellom 18 og 24 pence i skatt per liter sukkerhaldig brus, til dømes. Endå lurare har dei vore i det delvis sjølvstyrte navahoreservatet i USA: Som eit tiltak mot skyhøge nivå av overvekt og diabetes innførte dei i 2014 det som har vorte kalla junk food-skatten – ein skatt på 2 prosent på all næringsfattig mat. Sunn mat har derimot fått ein skattelette på 5 prosent, og pengar som er til overs, har gått til folkehelsetiltak. Skatten er til evaluering no, og det er ynskjeleg å vidareføre han.

Kvifor er ikkje slike tiltak ein del av debatten her heime? Har vi vorte så redde for det store, skumle s-ordet? I så fall bør vi trekke pusten djupt ned i dei stadig veksande magane våre. Det er sjeldan fordommane våre som bergar oss.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det billegaste du kan livnære deg på, er næringsfattig mat.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis