JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Stølsdrift

I desse tider må sjølv dei minste oppgangane feirast. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I fjor vart det fleire slike: geiter på veg til stølsmjølking.

Foto: Siri Helle

4278
20240419
4278
20240419

Det er ikkje mange sigrar å spore for norsk matproduksjon for tida. Lat oss likevel, som ei lita oppmuntring etter elendet som forlét næringskomiteen på Stortinget førre veke, ta tak i ein bitte liten opptur som dukka opp same veke: I 2023 var det fem fleire stølar i drift i Noreg enn det var i 2022. Hurra!

Ifylgje tal organisasjonen Norsk Seterkultur har henta ut frå Landbruksdirektoratet, var det i 2023 750 aktive stølar i Noreg, mot 745 i 2022. Talet i seg sjølv er ingenting å rope hurra for – snarare tvert om. Vi treng ikkje gå lenger attende enn 2019 for å finne 822 aktive stølar i Noreg. Om vi ser lenger attende, var det kring 1850 531 setrer i drift berre i Vestfold fylke.

Landbruket såg sjølvsagt heilt annleis ut på dei tider – ikkje minst var teknologien på eit heilt anna nivå. Vi har utvikla oss, seier vi, vi har effektivisert og modernisert – og med det meiner vi implisitt at vi har forlate stølskulturen.

Måtte det verte slik? Sjølvsagt måtte det ikkje det. Og tala frå 2022 til 2023 syner at vi framleis kan snu: Det er mogleg å ikkje berre legge ned, men òg starte opp stølsdrift i Noreg i 2024. Men vi må vilje det – og vi må invitere teknologien med på laget.

«Det er mogleg å ikkje berre legge ned, men òg starte opp stølsdrift i Noreg i 2024.»

Stølsteknologi

Det neste tiåret kjem hundrevis av norske kufjøs til å måtte byggast om for å møte lausdriftskravet. Brorparten av dei (som ikkje vert lagde ned) kjem til å gå over frå manuell mjølking til robotmjølking. Og det kan i seg sjølv verte ein katastrofe for stølsnæringa – for når ein investerer så tungt på heimgarden, vert det endå tyngre å halde ved like eit ekstra mekaniseringsopplegg på stølen.

Men kva om ein ikkje måtte det? I 2017 vart den fyrste mobile mjølkeroboten seld til ein seterbrukar i Tinn kommune. Den roboten fungerer akkurat som ein annan mjølkerobot – men han er montert inne i ein container som kan fraktast av ein traktor. Slik kan det same utstyret mjølke kyrne i fjøset om vinteren, våren og hausten – og på stølen om sommaren.

Eg veit ikkje kva den mobile mjølkeroboten kosta, eller kva slags opplegg han krev for vatn, avløp og straum på stølen. Men eg veit han er eit godt døme på at teknologiutvikling kan styrast – også i retning av meir stølsbruk, om det er det vi ynskjer oss.

Meir kan brukast

Kanskje kan endåtil teknologien syne oss at utfordringar vi trudde vi hadde, ikkje var så farlege likevel. Eit tungtvegande argument mot å ta med mjølkedyr på stølen har dei siste åra vore at mjølkekvaliteten vert endra. Med meir detaljert mjølkemåling har ein oppdaga at celletalet i mjølka går opp – særleg blant geiter, som utgjer ein viktig del av stølsbruka.

Celletal tyder talet på kvite blodlekamar (somatiske celler) i mjølka. Eit høgt celletal indikerer ein bakterieinfeksjon – at det ligg ein betennelse og lurer ein eller annan stad. Det vil ein sjølvsagt ikkje ha – fyrst og fremst for dyret sin del, men òg fordi det går ut over foredlingseigenskapane til mjølka: Ho kan få lukt- og smaksfeil, endra proteinkvalitet og dårlegare ysteeigenskapar.

Men heng desse hendingane alltid saman?

Blant geiter har ein i næringa ofte observert høgt celletal i samband med beiteslepp – utan at det nødvendigvis påverkar dyret. Det verkar som celletalet stadig går opp utover i mjølkeperioden. Å finne ut kva dette kjem av, var bakgrunnen for at forskingsprosjektet «GoatMilkSCC: Høyt innhold av somatiske celler i geitemelk – betydning for produktkvalitet» vart køyrt i gang i 2021.

Prosjektet er enno ikkje avslutta eller konkludert. Men ei masteroppgåve som vart levert under prosjektparaplyen i 2022, «Somatiske celler i geitemelk og betydning for produktkvalitet hos Feta-type ost», synte – overraskande nok – at «geitemelk med høyt celletall kan brukes til produksjon av en bærekraftig Feta-type ost med høy kvalitet, lang holdbarhet og god smak».

Mykje står att å lære her, men kanskje er ikkje høgt celletal eit så stort problem som ein har trudd, så lenge dyret ikkje er sjukt? Det ville i så fall vere god motivasjon for å få fleire mjølkande dyr til fjells.

Dei må berre ha politikken med seg. Ingen kan drive støl om dei ikkje har råd å drive garden resten av året.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis