JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Spekesild

Havets sølv er ein skatt vi ikkje har råd å miste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tenk godt etter: Kva var livet utan spekesild?

Foto: Wikimedia Commons

4266
20210806
4266
20210806

For ei tid sidan fekk eg ein telefon frå ein lesar. Det hender ikkje så ofte, men er desto hyggelegare – sjølv om det i dette høve dreidde seg om ein temmeleg opprørt og fortvila mann. Årsaka til fortvilinga var forståeleg: Etter ein lengre butikkrunde til dei fleste daglegvarebutikkar i Oslo-området hadde han ikkje lukkast i å få tak i spekesild. Tvert om var han blitt fortald at den vara ikkje lenger var å få tak i.

Eg var i utgangspunktet bitte litt skeptisk: Kunne det no verkeleg stemme at det ikkje lenger var mogleg å få tak i spekesild i Noreg? Det vil jo i så fall rokke ved heile grunnfjellet vårt, vil det ikkje? Eg meiner, kva var Noreg og nordmenn utan sild og potet? Om spekesild ikkje er favorittretten til fjortenåringane, tyder det at vi berre skal legge henne bak oss og gløyme henne? Underteikna var heller ikkje særleg glad i spekesild som tenåring, men no er det på lista over favorittrettar.

Det var difor med ei viss kribling eg søkte opp spekesild på marknadsleiande fiskeforedlar Findus si nettside. Og har du sett: Det som møtte meg, var ein parentes med beskjeden «utgått frå sortiment».

Alternativ

Med eitt kjente eg meg ekstra heldig som har ein svoger som jobbar i pelagisk fiske og lagar knakande god spekesild heime. Men det kan då ikkje vere meininga at det skal verte den einaste måten å få tak i spekesild på i framtida – at alle dei som ikkje er like heldige, må nøye seg med å møte spekesild som ein tekst i ei bok eller eit kuriøst innslag på Norge Rundt?

Og heldigvis er vi ikkje der enno. Etter eit litt djupare søk synte det seg at Findus ikkje var den einaste produsenten av spekesild her til lands: Både Lofoten, Norway Seafoods (ein del av Lerøy-konsernet) og Norgesgruppens EMV-merkevare Fiskemannen produserer framleis spekesild i Noreg, for den norske marknaden.

Men det set i gong nokre tankar: Korleis er det eigentleg vi forvaltar matarven vår? Dei siste tiåra har vi fått lokalmatprogram, Bondens Marked landet rundt og ein diger matfestival i hovudstaden kvar haust, glansa matmagasin som utelukkande skriv om norsk mat og eit nordisk restaurantkjøkken i verdsklasse – mellom anna. Likevel er vi altså ikkje komen lenger enn at Findus tek spekesilda ut av sortimentet, utan at nokon, bortsett frå ein tilfeldig sildeengasjert eldre herremann, eigentleg får det med seg.

Råvaremangel

Ein gong var spekesild noko dei fleste ved kysten ordna sjølv, og så selde dei det innover i landet. Framleis kan vi lage spekesild sjølve: Det einaste vi treng er fersk sild av ein viss storleik, og salt. Silda kan spekast rund eller fileterast, men skal ligge i saltet i nokre veker – etter smak og behag. Aller beste råstoffet er den feite haustsilda.

Og der oppstår sjølvsagt problemet: Kor får vi tak i fersk, feit haustsild no for tida? Ikkje på Kiwi, i alle fall, eller på Rema, nokon stad eg kjenner til. Slik har vi i praksis vorte avhengig av at industrien leverer tradisjonsrett etter tradisjonsrett: Om det no gjeld fiskegrateng, fiskekaker, mylse, fenalår eller raspeballar, er dei i stadig større grad vorten ferdigmat.

Findus har ikkje noko ekstra ansvar for å ta vare på den norske spekesildtradisjonen. Dei har ikkje ansvar for anna enn si eiga botnlinje, og truleg er det denne dei har tenkt på når dei no har fjerna spekesilda frå sortimentet sitt.

Det tyder ikkje at dei ikkje kan ta litt ekstra ansvar for å ta vare på tradisjonsmaten vår, likevel. Eg kan ikkje hugse sist eg såg ein reklamekampanje for spekesild, verken frå Findus, Lerøy, Lofoten eller Norgesgruppen. Det er ikkje noko kvalitetsmessig i vegen for at spekesild kan verte minst like hipt og trendy som sushi og sashimi vart for nokre år sidan. Silda har til og med det fortrinnet over oppdrettslaksen at ho er berekraftig fiska og eitt hundre prosent lokal. Og så kan ho brukast til så mykje meir enn middag med kokte poteter: Tenk på sursild, rømmesild og spekesild i lompe med ferskost og sylta raudlauk – og så bortetter.

Eg trur det er lenge sidan fiskematprodusentane har hatt eit så tradisjonsinteressert publikum som dei har no. Her er det berre å hive seg på – saman kan vi gje spekesilda stjerna ho fortener.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kor får vi tak i fersk, feit haustsild
no for tida?

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis