JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Soya og laks

Det er ikkje nødvendigvis den norske oppdrettsnæringa sin feil at det brenn i Brasil. Men dei kan bli nøydde til ta ansvar for det likevel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sidan Brasil byrja å måle, har det aldri brunne så mykje i våtmarksområdet Pantanal som i år.

Foto: Andre Penner / AP / NTB

4169
20201127
4169
20201127

Lytt til artikkelen:

Kva skjedde i september? Eller kva fekk vi med oss av det som skjedde i september? Rettssaka mot dei tiltala i Charlie Hebdo-terroren i Paris, bussjåførstreiken i Oslo og Viken, rettssaka mot Laila Bertheussen var alt i gang, det same var valkampen i USA – og i Brasil brann 14 prosent av Pantanal opp.

14 prosent av det største våtmarksområdet i verda brann opp. På éin månad. Fekk vi med oss det? Knappast. Kanskje veit vi ikkje eingong kva verdas største våtmarksområde er – eller kva det har å seie for oss. Då kan ingen forvente at vi skal vite kva ansvar vi har for at det brann, kan dei vel?

Kanskje ikkje. Nettopp difor må uvissa slutte her.

Mangfaldig våtmark

Så lat oss byrje med å sjå på Pantanal. Området ligg søraust for Amazonas, regnskogen vi alle kjenner som eit av verdas viktigaste økosystem og klimaløysingar. Pantanal er altså ikkje Amazonas. Pantanal er kanskje endå viktigare.

Våtmarksområdet som strekker seg over 150.000 kvadratkilometer i to brasilianske delstatar og heilt inn i Bolivia og Paraguay, høyrest kanskje ikkje så  spektakulært ut: sump-, myr- og grasområde som i regntida vert overfløymde av alle elvane som kryssar området. Vått. Fuktig. Utilgjengeleg.

Men ikkje for alle. Langt derifrå, eller snare tvert om, for Pantanal er eitt av dei store biologiske hot spot-områda vi har i verda. Her lever dyr og planter som ikkje lever andre stader, saman med dyr og planter som lever andre stader, men som òg må vere her. Pantanal er ein heilt ekte smeltedigel av eit fungerande økosystem, frå ferskvassnigelen Ampullariidae som både har lunger og gjeller, til den truga arten stor elveoter (han vert 1,7 meter lang), til verdas største krokodillestamme og ein av få verkeleg sunne stammar av jaguarar. Ein flora som ber med seg kantsoner frå regnskogen, kantsoner frå den enorme Cerrado-savannen og minst 2000 identifiserte plantesortar. Og, berre så det er sagt, myrer og sumpar er enorme metanlager. Grasslettene lagrar karbon. Massevis.

Og no brenn det i Pantanal. Sidan Viken vart oppfunne 1. januar i år, har heile det nye fylket brunne opp i Brasil: Vikens 24.592,6 kvadratkilometer svarar ganske så bra til våtmarksarealet brannane har klart å ete opp så langt i 2020.

Og kvifor brenn det? Av same grunn som det alltid har brunne, sjølv om det aldri har brunne så mykje som i år: for å gje plass til beite- og åkerland. For å produsere storfekjøt og mais – og soyabønner.

Ei problematisk bønne

Soyabønner er den mest proteinrike veksten vi har lært oss å dyrke i stor skala. Ei velsigning og ei forbanning i ei lita, kvit kule. Noreg kjøper soyabønner. Vi gjev dei til husdyra våre. Til mjølkekyrne, til verpehønene og – ikkje minst – til oppdrettslaksane. Regnskogfondet har nyleg skrive ein rapport om korleis soyabønnene som eit av selskapa norske lakseprodusentar handlar med, påverkar Brasil. Selskapet heiter Cargill og har underselskapet Cargill Aqua Nutrition, som produserer soyabasert laksefôr.

Ingen av områda som brann i september, har produsert soyabønner enno. Ingen av dei skal heller kome til Noreg, for vi kjøper sertifiserte soyabønner som ikkje skal kome frå område som har vore avskoga dei siste åra, og ikkje frå nasjonalparkar. Men vi kjøper soyabønner frå selskap som kjøper soya frå nedbrende nasjonalparkar. Det er uansvarleg, hevdar Regnskogfondet, som meiner norsk oppdrettsnæring må slutte å handle med Cargill.

Eg seier meg samd, og eg går lenger: Etterspurnaden etter soya er nærast umetteleg. Så lenge vi vil ha meir og meir, kjem meir og meir skog og våtmark og savanne til å brenne. Næringa seier sjølv at så lenge etterspurnaden er som han er, er det å sertifisere all produksjon, slik dei gjer med den som går til Noreg og nokre få andre kjøparar, umogleg.

Skal vi ta ansvar for soyabruken vår, må vi ta alt dette innover oss. Då er det berre eitt rett val att: slutte å kjøpe soya, fram til Brasil har fått nedbrenningstakta si under kontroll.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Pantanal er ikkje Amazonas. Pantanal er kanskje endå viktigare.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis