Smørbutten min får du nok aldri
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
«Det er ikke tvil om at myk plantemargarin er sunnere enn smør», sa divisjonsdirektør i Helsedirektoratet Linda Granlund til Nettavisen førre veke.
Bakgrunnen for utsegna var at Helsedirektoratet sleppte kosthaldsundersøkinga Norkost 4, som synte at medan margarinforbruket i Noreg har gått kraftig ned dei siste 30 åra, har inntaket av meierismør halde seg stabilt. Forfattarane meiner dette er ei av årsakene til at det norske snittinntaket av metta feitt framleis ligg på 13 prosent av energiinntaket vårt – 3 prosentpoeng over tilrådd mengde.
Dette – altså tala som syner at vi har gått frå å ete kring 13 kilo margarin i året i 1990 til kring 8 kilo i 2020 – er det ingen tvil om. Det er heller ingen grunn til å tvile på at Ola og Kari Nordmann et ein 3–4 kilo meierismør kvar i året.
«Om vi skal tru KI, er det liten tvil om at tvilen er reell.»
Påstanden til Granlund, derimot, kan det vere verdt å sette eitt og anna spørsmålsteikn ved. For er det verkeleg ingen tvil å spore kring kva som er sunnast av smør og margarin?
For å få ei open, gild og kanskje til og med objektiv vurdering byrjar eg med å stille spørsmålet til vår tids orakel: ChatGPT, så klart.
Som vanleg er orakelet temmeleg rundt i dei ordrike formuleringane sine. Det konkluderer likevel med at: «Hvilket valg som er sunnest, avhenger altså av hvilken type smør eller margarin du velger, og hvordan de passer inn i din totale kostholdsstrategi.»
Om vi skal tru KI, er det med andre ord liten tvil om at tvilen er reell. Endå meir ordrike og sprikande svar får vi om vi spør gode, gamle Google: frå «Margarin og løgnene om skadelig meierismør» til «Plantemargarin og flytende margarin er bedre enn hardt smør». Lever tvilen? Kanskje er kjeldekritikken mest tvilsam nett no.
Til smørauget
OK. Nok koseprat. På tide å gå til steinharde fakta. Matbibelen til Helsedirektoratet er, som vi har lært mykje om det siste året, kostråda. Kostråda er basert på rapporten Nordic Nutrition Recommendations 2023, og her står det, temmeleg svart på kvitt, at å byte ut metta med umetta feitt fører til lågare risiko for hjarte- og karsjukdommar og diabetes 2. Rapporten syner vidare til ein «utvida diskusjon» kring temaet i bakgrunnsartiklane (Retterstøl og Rosqvist 2023; Rosqvist og Niinistö 2023).
Så då er vel desse artiklane minst like beinharde, då? Eller? Overraskande nok lyder det siste punktet i den populærvitskaplege oppsummeringa slik: «Å velje planteoljar rike på umetta feittsyrer, slik som oliven- og rapsolje, framfor tropiske planteoljar og dyrefeitt rike på metta feittsyrer verkar mest gunstig (eng: seems most benificial) for helsa.»
Det verkar mest gunstig. Sjølv den hardaste av den harde faktakjernen går ikkje lenger enn til å slå fast at det verkar mest gunstig å velje margarin framfor smør.
På kva grunnlag uttalar då Helsedirektoratet seg så bastant? Det er freistande å seie at det utvilsamt er eit sviktande eit. Men eg skal ikkje gå i den fella.
Innrømminga
Før eg raljerer vidare, skal eg derimot – endå ein gong – innrømme at eg er fordomsfull. Eg elskar smør. Smør på skiva, knekkebrødet og havregrauten, smør til å steike kantarellane mine i, smør kring den heilsteikte hanen på søndagane og smelta smør kneka ned i potetene på måndagane. Med ei nydeleg gamal smørklokke frå Figgjo porselen vert det ikkje noko problem å halde smøret smørjemjukt på kjøkkenbenken til alle tider.
Gjer det meg til ein uansvarleg forbrukar? Tek eg lite ansvar for kroppen og helsa mi? Sett under eitt trur eg få kan skulde meg for det. Og kanskje er dette litt av løyndommen: Talet 3 – som ligg mellom den tilrådde metta feittprosenten på 10 og den faktiske på 13 – er eit ganske lite tal. Er det verkeleg dette som drep oss?
Helsedirektoratet gjer mykje godt og viktig arbeid for folkehelsa. Mykje av det handlar om å skape glede og ro kring matopplevingane våre. Eg tvilar difor aller mest på om det er i deira interesse å vere så bastante.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø