JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Smør med smak

Skal ein forbetre det perfekte, må ein i alle fall gjere det med respekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Smør, ramslauk, kvitlauk, friske urter – lukke på eit fat, er det ikkje det, då?

Foto: Pxhere.com

4306
20210528
4306
20210528

Eg kan, om eg vil, klare å dele verda inn i to typar menneske: Dei som likar smør, og dei som ikkje likar smør. Og då må eg, før eg seier noko meir, få spesifisere at eg med smør meiner kinna fløyte eller rømme av kumjølk, varsamt salta og så fast at det ikkje kan smørjast med kniv om det kjem rett frå kjøleskåpet (heldigvis, for då er det lov å skjere det med ostehøvel).

Årsaka til at eg kan dele folk så bastant i to grupper, er at eg synest så synd på dei på den eine sida. For lat oss vere ærlege: Det er få ting i livet som gjev så stor glede som godt smør. Anten det er i ei tjukk skive på nybaka brød, i rause mengder kring den steikte fisken, i endå større kvantum gøymt i potetstappa eller kveitebollane, eller rett og slett og i største løynd ete med skei rett frå pakken, så ser eg på smør som heilt og fullt uslåeleg.

Det kan ha bitte litt å gjere med at eg ser på alternativa som så latterleg mykje dårlegare, sjølvsagt. Ein god olivenolje kan sjølvsagt vere god, han, på ei skive sprøtt landbrød, men det vert noko heilt anna. Og uansett så langt frå det vi vanlegvis ser som smørerstatning: den kjemiske prosessen vi til dagleg kallar margarin.

langt til botnen

Denne teksten skulle eigentleg ikkje handle om kvifor smør er så uendeleg mykje betre enn margarin. Eg ville heller sjå på om det er mogleg å gjere smør betre gjennom å setje til ulike smakar.

Urter, krydder og kvitlauk er dei vanlegaste prefiksa framom smør, og framgangsmåten er i utgangspunktet enkel: Du tek smør og set til andre smakar du likar, så får du eit produkt som høver særleg godt til noko spesielt. Til dømes er det mange som brukar kvitlaukssmør til bagettar og grillmat, kryddersmør til biff og urtesmør til reker.

Ja, så mange gjer det at industrien har oppdaga at her er det pengar å tene på å late folk flest sleppe å røre smøret sitt sjølv. Resultatet er at det no er ei heil rekke ulike urte-, krydder- og kvitlaukssmør å få kjøpt. Men er dei verde pengane?

Vi byrjar på botnen – som er lågt nede. For når eg som nemnt ikkje hadde tenkt at denne spalta skulle handle om skilnaden på smør og margarin, var det fordi eg ikkje trudde nokon kom til å jukse med smøret i produkta sine.

Men nett det har nokon gjort. Nærare bestemt Meny, og produktet deira Glaze Urtesmør, som aldeles ikkje er laga på smør, men rapsolje og myseproteinkonsentrat og aroma frå hydrolysert vegetabilsk protein. Til deira forsvar får eg ta med at årsaka nok er at ein glaze er noko som skal penslast på og difor bør vere flytande i romtemperatur, men då får dei heller kalle produktet sitt for Urtemargarin eller Urteolje. Smør er det ikkje.

Sponsorbillett

Meny har fleire kunstar på lager. Ein heil serie med smaksette smør i det dei kallar høgkvalitets-EMV-serien sin. Jacobs Utvalgte har Urtesmør med ramsløk/flaksalt, Hvitløkssmør, Kryddersmør, Kryddersmør til fisk og Umamismør.

Smørblandingane har det til felles at dei inneheld like mange tilsetjingsstoff som reine ingrediensar. Kryddersmøret inneheld ifylgje lista kryddera paprika, lauk og kvitlauk. Fiskesmøret er tilsett persille og sennep. I ramslauksmøret er det 1,4 prosent ramslauk. Så er det sitronpepar, men kva andre urter som er der, er heller ullent.

Og det er meir som er ullent på akkurat desse pakningane: Dei er merkte med merkelappen «Matskatt». Matskatt er Menys eiga merkeordning for «Norske produkter med unik kvalitet, i kombinasjon med lokal identitet og en god historie». Merkeordninga inneheld massevis av flotte produkt som verkeleg har det litle ekstra – frå Tine Alpeost til Hvasserasparges og klippfisk frå Dybvig. Men kva i alle dagar gjer eit dårleg smakssett smør som det ikkje eingong er mogleg å finne ut kor er produsert, i eit slikt selskap? Fint lite, vel eg å tru, bortsett frå at sertifisøren som har produsert det, har snike seg til ein sponsorbillett.

Synnøve Findens Kryddersmør med paprika, med kvitlauk og med ramslauk og sitron slit endå meir under lange innhaldslister enn Jacobs Utvalgte. Eit kvitlaukssmør treng ikkje tjue ingrediensar. Då kan ein heller gjere som den vesle produsenten Nesjar: lage kvitlaukssmør av smør, kvitlauksgranulat, salt, dill og kvit pepar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er få ting i livet som gjev så stor glede som godt smør.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis