Sennep
Så mange ulike frø – ikkje eitt av dei treng kunstig aroma.
Sennep på pølsa: Som salt i grauten, vil mange hevde.
Foto: Pxhere.com
Trudde du at du visste kva sennep var, fordi du visste at det kom frå eit frø? Då er eg redd du må tru om att.
For ja, det finst sennepsfrø, og når vi på ulike måtar mosar desse og blandar dei med ulike ingrediensar som eddik, vin og gurkemeie, kan vi få sennep.
Men det finst ikkje éi plante som gjev oss sennepsfrø. Det finst ikkje eingong éin type planter som gjev oss sennepsfrøa, nei, frøa vi brukar for å lage sennep, kjem frå ei rekke ulike planter som heilt overordna berre har det til felles at dei høyrer til korsblomefamilien.
Det er plantefamilien som husar så ulike artar som salat, kål, raps og reddik – og altså ulike sennepsgjevande planter. Vanlegast er kvitsennep, men vi har òg svartsennep, sennepskål og salatsennep – sistnemnde truleg betre kjend som ruccola. Frøa frå ugraset åkersennep kan derimot ikkje brukast til sennepsproduksjon.
Ei verd av sennep
Uansett: Ein plukkar frøa, mosar eller kvernar dei, blandar med vatn og smakstilsetjingar, og så har ein sennep. Sennep kan vere skikkeleg sterk, men aldri på same måte som chili: Chiliplanter vert sterke av eit oljestoff som heiter capsaicin, og som sender den sterke smaken nedover i halsen.
Sennep, derimot, slektar på wasabi og peparrot, og får styrken sin frå eit anna kjemikal – allyl isothiocynate. Dette er meir flyktig enn capsaicin og har det difor med å forsvinne oppover i nasen – og så fordufte.
Men sennep treng ikkje vere sterk. Sidan vi har ete sennep over heile kloden i tusenvis av år, er det ikkje rart at vi har utvikla mange ulike typar. I dag er sennepstypane standardiserte i hovudgruppene fransk, tysk, engelsk og amerikansk sennep. Fransk dijonsennep og tysk sennep vert laga med vineddik, engelsk utan, og amerikanarar set gjerne til gurkemeie for å forsterke gulfargen. Så har vi alle variasjonane innan dei ulike typane. Skånsk sennep, til dømes, er søt og med mykje krydder.
Det er sjølvsagt umogleg å seie kva sennep som er best. Sjølv føretrekker eg sterk sennep framfor søt, brukar fransk dijon til kvardags og vert glad om eg kjem over ein engelsk eller tysk sennep når eg er på tur. Men om du føretrekker den søte varianten, kan ikkje eg seie noko på det.
Derimot kan eg seie noko om kva butikksennepar som inneheld ingrediensar dei ikkje treng.
Ekte ingrediensar
Sennep var ein gong ei delikatesse for dei rike. No er det så vanleg at bensinstasjonar ikkje eingong tek seg betalt for vara, men gjev deg så mykje sennep du vil ha heilt gratis berre du brukar ein tikroning på å kjøpe pølse. Skal tru kva det har gjort med kvaliteten?
Tru det eller ei: Med nokre få unntak er kvaliteten på sennepen vi finn i butikkhyllene våre, ganske så god. Idun Original Pølsesennep, til dømes, inneheld berre nokre få konserveringsmiddel i tillegg til dei naudsynte råvarene vatn, sennepsfrø, sukker, eddik og salt. Og ei flaske som skal stå i bensinstasjonstemperatur døgnet rundt, kjem truleg ikkje unna eit og anna konserveringsmiddel. Dijon-sennepen frå Maillard er rett og slett vatn, sennepsfrø, vineddik, salt, sitronsyre og eit konserveringsmiddel – om lag det same som Iduns Grov Sennep, men her er sennepsfrøa mindre mosa og malne.
Slik er stort sett alle dei tradisjonelle sennepsvariantane: trygt innanfor den sennepstypen dei skal vere. Det er når produsentane byrjar å eksperimentere, at fallgruvene dukkar opp.
Idun kan lage sennep heilt utan syntetiske aromastoff, det har dei alt synt. Likevel klarar dei ikkje å halde seg unna i varianten Sennep Søt og Fyldig. EMV-merkevara Jacobs hevdar at deira Sterk og Søt Sennep er laga etter «god, gammeldags oppskrift», men eg trur ikkje dei oppskriftene inneheldt sennepsaroma, slik Jacobs utgåve gjer. S&W klarar å lage heilt fin amerikansk sennep utan aromastoff, medan produsenten French berre må aromatisere den amerikanske varianten sin. Heinz har endåtil funne det naudsynt å nytte det næringstomme konsistensmiddelet xanthangummi i sin Yellow Mustard.
Dei gjer det iallfall lett for meg å velje: Kjøper eg sennep som er opprika med syntetisk aroma produsert i eit laboratorium? Nei takk, så lenge sennepsnaturen er så smaksrik og variert som han er, er det meir enn godt nok for meg.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med nokre få unntak er kvaliteten på sennepen vi finn i butikkhyllene våre, ganske så god.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.