JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Saftis

Is bør kome frå ein verkeleg stad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frisk, fruktig og kald vert saftisen perfekt for sommardagane vi har føre oss.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

4333
20210604
4333
20210604

Sommaren kom med eit pang i år, og jammen var det herleg. Etter ein innestengd vinter og ein kald vår full av nordavind og nattefrost var det nesten surrealistisk å kaste ullgenser etter ullgenser, finne fram shortsen og ete iskremen andre stadar enn under teppet i sofaen.

Ja, eg et is heile året. Vinter som sommar. Men kva is eg et, endrar seg: Til kalde tider høver det med søt, feit fløyteis. I sommartida, derimot, kjem suget etter dei friskare og lettare smakane: saftisen.

Saftisen er, i si enklaste form, verdas enklaste is: Dei aller fleste av oss har vel fått saft i ein pose frå fryseboksen då vi var små. At det var litt krystallar i isen, var ikkje så farleg – han var akkurat så søt, akkurat så frisk og ikkje minst akkurat så kald som han skulle vere sommardagen.

I min barndom var det for så vidt endå meir populært med juice i plastposane. Då vart nemleg isen så sunn at vi kunne ete han kvar dag. No treng vi ikkje lenger plastposar for å ete så sunn is. I det minste ikkje ifylgje produsenten: Hennig-Olsen hevda i 2019 å vere fyrst i verda med ein is utan verken kaloriar eller sukkar. Då kom isen Zeroh!, basert på safta Lerum produserer med same namn.

Frukt utan frukt

Oppskrifta er òg mykje den same: Om isen kjem i smakane Strawberry & Passionfruit, Peach & Pineapple og Apple & Kiwi, inneheld han ikkje ei einaste frukt, berre ei lang rekke ukjende aromastoff. At ordet «naturleg» førekjem i forkant av «aroma», inneber ikkje anna enn at aromastoffet er framstilt av ei råvare som finst i naturen. Og den råvara kan like godt som noko anna vere ein svart sopp, ikkje ulik den som kanskje veks i vindaugskarmane dine. Ingen av råvarene som smaken etterliknar, treng å ha noko som helst med aromaproduktet å gjere.

Den gode sida ved det er at dei usunne delane av dei originale råvarene ikkje vert med inn i det ferdige isproduktet. Den dårlege sida er at heller ikkje dei sunne næringsstoffa vert vidareførte. Zeroh! er kalori- og sukkerfri fordi han er heilt tappa for næringsstoff. Det einaste vettuge som er å finne kring den ispinnen, er vatn.

Søtstoffet som er nytta, heiter erytritol og er relativt nytt i Noreg – det vart godkjent for produksjon og sal i næringsmiddel fyrst i 2015. I resten av EU har det vore i bruk sidan 2003. Årsaka til at stoffet kom så seint til Noreg, var ikkje at vi hadde noko imot det, men at ingen søkte om å få ta det i bruk før.

Uklar forsking

Erytritol er fermentert glukose. I menneske har erytritol den eigenskapen at han ikkje kan fordøyast: Han passerer gjennom heile fordøyingssystemet ditt heilt upåverka og kjem nesten like heil ut i andre enden. Altså gjev erytritol oss inga næring – akkurat som alle andre kalorifrie søtningsmiddel. Men vil det seie at dei er ufarlege?

Debatten har kome opp att den siste tida etter at legen Øyvind Torp i NRK-programmet «Eit feitt liv» våga å seie at lettbrus kan føre til fedme.

Mange studiar tyder på det, i mange ulike retningar: frå at søtstoffa som tilsynelatande passerer rett gjennom kroppen, etterlèt seg små spor i form av endringar i tarmfloraen, til at den søte smaken i seg sjølv påverkar insulinproduksjon og kjensla av å vere mett, og kan få oss til å ete meir. Studiar har funne samanhengar mellom aspartaminntak og glukosetoleranse – og ingen samanheng i det heile.

Forskinga er uklar. Men situasjonen er tydeleg: Overvekt og diabetes og hjarte og karsjukdommar er den største helseutfordringa i vestverda. Og vi klarar ikkje finne årsaka.

Kan ei av årsakene til det vere at vi leitar for nøye når vi forskar? For fint, meiner eg, og for mykje etter éin ting om gongen? Det ville ikkje vore så rart, sidan det er slik heile forskingsparadigmet vårt er bygd opp.

Vel. Vi skal ikkje endre noko forskingsparadigme i denne spalta. Men vi skal ete mykje is denne sommaren. Og heldigvis finst det saftis som smakar som han skal, berre fordi han er laga av det han skal: Hennig-Olsen, som lagar Zeroh!, har nemleg òg laga Nude Strawberry – ein saftis så full av jordbær at han ikkje treng eit einaste soppbasert aromastoff for å smake som, om ikkje ferske jordbær, så i det minste jordbæra eg framleis har i frysaren frå i fjor. Og det er jo nett det vi er ute etter, er det ikkje?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Søtstoffet som er nytta, heiter erytritol og er relativt nytt i Noreg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis