JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Røykelaks

Villfisk for ein viktig villmann.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vill eller fanga? Han veit ikkje kva han ikkje er, oppdrettslaksen, men vi kan vite det.

Foto: Vidar Ruud / NTB

3905
20210129
3905
20210129

For ei dryg veke sidan fekk vi eit lite mirakel opp på kjøkkenbenken vår heime. Eller eigentleg var det ikkje så lite, for det var ei heil side av ein laks, og den laksen har ikkje vore heilt liten, han heller (sikkert 10 kilo). Likevel var det ikkje storleiken som gjorde laksesida så spesiell. Heller ikkje det at ho var røykt heilt perfekt for berre få dagar sidan. 

Røykelakssida var ei av dei mest eksklusive matvareprodukta du kan servere i Noreg. Det var ho fordi laksen har sumt vilt og fritt i havet heilt til han fann ut at det var på tide å symje heim dit han kom frå for å gyte, og då fór han inn Dalsfjorden for å symje opp elva Gaula, men det skulle han bli blå for – for der, i elveosen, stod det ein røynd laksefiskar som ikkje berre veit om lag det som trengst om korleis ein får laks på kroken i nett den elva, men òg kva for laksar som er lov å ta, og ikkje minst kva for nokre ein bør late leve for å gjere det ein kan for å halde den vesle ville laksestammen som er att, frisk og levande. 

Laksen har altså ikkje sett innsida av ein einaste oppdrettsmerd. Det er det som gjer han så spesiell: Samstundes som talet på oppdrettslaks i merdar er mangedobla dei siste tiåra, er talet på villaks i havet meir enn halvert sidan åttitalet. Ein naturleg – og riktig – konsekvens av nedgangen er ei streng avgrensing av laksefisket. Og ein konsekvens av det att er at Noreg, som ein gong var eit lakseland – heilt frå kysten der fiskarbønder sette ut kilenøter, til langt inne i fjordane, der elvane byrja og elveeigarane tente minst like gode kroner på å fiske sjølve eller leige vekk fiskeretten til folk med fleire kroner på bankkontoen. 

For eksklusiv

Laks har alltid vore verdifull. Ein eksklusiv fisk. Men sjeldan har det vore eit så avgrensa gode som no. Eit slikt luksusgode skal ikkje sparast til noko spesielt høve. Det skal etast med ein gong, for det er då det er aller best. 

No et eg difor røykelaksen. Og han er så sabla god. Til skilnad frå ein oppdretta laks er han ikkje feit å ta på, tvert om tørr på overflata, og så fast i fisken at eg skjer han opp om lag som eit fenadlår. 

Har du ikkje smakt villaks, veit du ikkje om denne skilnaden. Då trur du nok at det er slik – varierande grad av feit og slapp – laksen skal vere. Og det, det er om lag like trist som villrøykelaksen er god. 

Difor vil eg, i mi overflod, dedikere laksesida til ein av dei som verkeleg kjende til og kjempa for skilnaden mellom vill og oppdretta laks. Eg et for Kurt Willy Oddekalv, stiftar av Miljøvernforbundet, som for nokre veker sidan gjekk gjennom isen i eit forsøk på å redde ein hund og omkom. 

Naudsynt bråkmakar

Mykje kan seiast om metodane han nytta i kampen mot oppdrettsnæringa. Truleg gjekk han somme tider for langt – mellom anna i kor helseskadeleg oppdrettslaks er for menneske. Midla som opp gjennom tidene har vore brukte mot lakselus, har vore skadelege, men meir så for heile resten av økosystemet enn for oss menneske, som berre vert utsette for ein bitte liten promille av alle giftstoffa som vert sleppte ut i havet. Men han overdreiv ikkje då han kritiserte oppdrettsnæringa prinsipielt: Næringa har endra norsk laks. Og ikkje til det betre. Så lenge vi har oppdrett, treng vi aktivistar som set fingeren på dei negative konsekvensane av oppdrettsnæringa. 

Den rolla er no ledig. Oddekalv sa det ofte berre som det var: Lover for god fiskevelferd og god vasskvalitet ved oppdrettsanlegga er tilpassa næringa. Laga for å halde dei i øyra, men ikkje strengare enn at dei skal overleve. Vi skal ha oppdrettslaks i Noreg. Ok. Det finst verre mat i verda.

Men det finst betre òg. Mykje, mykje betre. At folk flest veks opp og trur oppdrettsversjonen er smaken av ekte laks, er ein aldri så liten, men heilt sann tragedie. 

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så lenge vi har oppdrettsnæring, treng vi aktivistar som set fingeren på dei negative konsekvensane. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis