Frå matfatet
Rettferdig kaffi
Eit døme på at mangfald ikkje alltid er til hjelp.
Kaffiplukkarar bør få sin del av kaka, det er vi alle samde om. Men kor stor skal den kaka vere?
Foto: Kent Gilbert / AP / NTB
Lytt til artikkelen:
Sånn eigentleg er jo heile greia heilt feil. Heilt snudd på hovudet, rett og slett. Det burde ikkje vore produsentane av den rettferdig handla kaffien som måtte betale ekstra for ekstra merking. Det burde vore billegkaffien, til dømes Kaffe Prima til 69,20 per kilo hjå Rema og Kolonial.no, Menys Cirkel Kaffe til 106 eller Friele frokostkaffe til kring 150 kroner, som burde prove at kaffiproduksjonen deira ikkje går utover nokon, eller, i motsett fall, vere open og ærleg om kven som vert skadelidande.
For det kan vere fleire, det, om det no er underbetalte eller berre altfor unge arbeidarar, eller miljøet som slit med for mykje bruk av sprøytemiddel, eller til og med eigaren av kaffiplantasjen som rett og slett ikkje klarar å få økonomi i produksjonen ved å levere til ein særs svingande verdsmarknad.
Ja, slik er kaffikvardagen: Ifylgje International Coffee Organization har prisen på «Other Milds» – våtprosessert arabica-kaffi dyrka utanfor Colombia, betre kjend som vanleg kaffi her heime, i til dømes Guatemala i tidsrommet 2000–2018, variert frå 1 til 4,7 dollar per kilo.
Marknaden på sida
Ein stad der ligg truleg prisen produsenten treng å få for å overleve. Kva ansvar har vi, verdas nest mest kaffidrikkande folkeferd her oppe i det kalde nord, for det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.