JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Plommer

Enkelte sel plommer med tap, og eg tek meg sjølv i å sjå feil. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Plommer i eit tre: Har du eit slikt i hagen, er du heldig – har du ikkje, får du kjøpe plommer på butikken.

Foto: Pxhere.com

4153
20230901
4153
20230901

Er plommer typisk norsk? Ja, plommetreet er ein naturleg del av norske villahagar, men bortsett frå plommeslang med påfylgjande mageknip er det få produkt av plommer som verkeleg har sett seg fast i mattradisjonane våre.

Plomma er ikkje eingong opphavleg norsk, lang derifrå – ho kjem frå Asia, men har spreidd seg til heile verda i slik grad at vi også her i Noreg har profesjonelle plommeprodusentar. Og dei står det respekt av, for den glatte, saftige, sursøte plomma har ei rekke fiendar. Ho kan lett verte øydelagd av insekt – kveps, til dømes, som stikk stygge merke i skalet hennar. Kraftig vind får ho til å ramle på bakken. Og i sluttfasen, rett før modninga og når alt er nesten i boks, skal det ikkje meir enn eit kraftig regnvêr til for å slå bulkar eller hòl i skalet – og med eitt er alt øydelagt.

Likevel går det ofte bra, og ei lang rekke plommer har i år igjen funne vegen til daglegvarebutikkane våre.

Pris pr. kG eller korg?

Men dei norske plommene er langt frå aleine. Det fyrste som møter meg idet dørene går opp på Rema 1000, berre nokre få meter innanfor døropninga, er ein stabel italienske plommer og summen 34,90. Litt lenger bak, inne i frukt- og grøntavdelinga, skimtar eg òg eit plommeskilt: «Sjekk prisen», står det, og under: «Norske plommer 39,90».

Eg stoppar opp. Ein ting er at Rema 1000 vel å selje italienske plommer midt i den norske plommehausten, noko anna er det å selje importvarene billegare enn dei norske variantane. Er det i det heile mogleg? Er det ikkje saftig toll på fruktimport i den norske fruktsesongen?

Eit kjapt søk i tolltariffen syner meg at jau, importtollen finst, han, men om han er så saftig, kan kanskje diskuterast: Den generelle tollsatsen er 5,44 kroner per kilo, men handelsavtalar gjer at import frå Efta og EU berre har ein toll på 4,24 kroner per kilo.

Så ser eg heldigvis nøyare etter og oppdagar at det ikkje er prisinga til Rema 1000 som er rar, det er marknadsføringa: Plommeprisen på 34,90 kroner syner i dette høvet ikkje til kilo, men til korg. Halvkilos korg, for å vere nøyaktig, og altså ein kilopris for italienarplommene på nærare 70 kroner.

Nesten journalistisk skivebom der, altså, og lett å verte lurt. Eg må dobbeltsjekke: Har eg sett feil på den norske plommeprisen òg? Men nei då, han står fast på 39,90.

Aprikosplomme

No må det seiast at plommene frå Italia ikkje er heilt vanlege plommer. Produsenten, som heiter Metis®, nyttar dette ®-teiknet for å markere at plommene deira er noko anna enn andre plommer, og at andre ikkje får kopiere det dei gjer. Og det dei gjer, er å krysse plommer med aprikosar: Bier tek med seg aprikospollen til plommeblomane, og resultatet vert igjen kryssa med plommetre for å skape det som altså er Metis®-plommer – produsert på kontrakt i fire land kring Middelhavet og selt til heile verda.

Dei skapar mangfald, hevdar dei sjølve. Mon det. Dei skapar vel heller fleire like plommer over heile verda, på kostnad av det lokale mangfaldet som elles finst.

Heldigvis konkurrerer dei ikkje på pris nett denne torsdagen på Rema 1000. Men er det dei italienske plommene som er dyre – eller dei norske plommene som er billege? Medan eg står i kø til kassen, tek eg ein tur innom ei nettside til – nemleg nettsida til Grøntprodusentenes samarbeidsråd, som gjennom sesongen publiserer mellom anna rettleiande råvareprisar på frukt og grønsaker. Siste publiserte noteringspris – altså gjennomsnittspris til produsent i øre per kilo – er 43 kroner og 7 øre per kilo plommer bonden sel. Plommer som Rema har kjøpt, mest truleg etter minst eitt mellomledd, og sidan altså sel for 39 kroner og 90 øre per kilo.

Nokon taper pengar her, og for ein gongs skuld er det ikkje openbert at det er bonden. At Rema 1000 prioriterer norske plommer, er bra, men eg skulle likevel ynskt dei prisa plommene slik at dei spegla kostnadene i produksjonen. Då hadde vi sloppe å klage så fælt over kor dyre norske plommer er når tilbodet ein gong går ut og prisane med det opp.

Men enn så lenge er det berre å stappe seg full. Mageknipen kjem jo ikkje før i morgon uansett.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis