Frå matfatet

Plastemballasje

Plast kan øydelegge verda, men bambus kan ikkje berge henne.

Forbode: Eingongsbestikk i plast er dumpa på den historiske skraphaugen. Skal tru om det gjer verda betre?
Forbode: Eingongsbestikk i plast er dumpa på den historiske skraphaugen. Skal tru om det gjer verda betre?
Publisert

Har du ete yoghurt rett frå eit lite beger, drukke sjokolademjølk eller kjøpt brus på Burger King dei siste par månadane? Då har du truleg lagt merke til – kanskje endåtil smakt – konsekvensane av eit EU-direktiv.

Ja, for du har truleg merka deg at skeia i God Morgon-yoghurten og sugerøyret som heng fast på sjokolademjølka, ikkje er så glatt og hardt som det var før sommaren? At artiklane somme tider luktar og smakar litt som papp, andre gongar som papir, eller rett og slett trevirke? Det er sjølvsagt rett og slett fordi EUs direktiv om eingongsartiklar av plast har tredd i kraft.

Sidan 3. juli i år har det ikkje lenger vore lov å selje artiklar i eingongsplast. Eller, vent no litt, sit du ikkje og et yoghurten ditt frå eit beger? Og begeret, er ikkje det laga av plast? Og kva med den kartongen sjokolademjølka er i, han ville vel ikkje klart å halde på væska om han utelukkande var laga av papp? Kvifor er han då lovleg?

Mange fine ord

Årsaka er like uforståeleg som ho er logisk: Fordi EUs direktiv om eingongsartiklar av plast, det såkalla SUP-direktivet, ikkje set ned forbod mot alle artiklar laga av plast. Ikkje enno iallfall. Så langt er det knivar, gaflar, skeier, tallerkar, bomullspinnar, rørepinnar og sugerøyr som er forbodne å omsette – og alle former for beger laga av isopor.

Andre typar matbeger i plast er berre omfatta av det nest hardaste verkemiddelet i SUP-direktivet: krav til redusert forbruk. I denne kategorien krev EU enno ikkje anna enn at kvart land i 2026 skal syne til ein «målbar reduksjon» av forbruket samanlikna med 2022.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement