Frå matfatet
Pinnekjøt
Luftig mangfald vert bra til slutt.
Ein pinne gjer ingen julaftan, men med ei heil side er du sikra.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Så vart det jul i år òg. Same kor mykje ribbe, lutefisk, pinnekjøt, peparkaker, akevitt, juleøl og marsipan du har trykt i deg gjennom adventstida: Middagen kjem til å smake annleis i kveld. For når vi har pynta oss og funne fram det finaste serviset, og juletreet har altfor mange pakkar under, så er det eitt eller anna som smittar over på tallerkenen.
Om det er du som står for julemiddagen i kveld, er det altså berre å senke skuldrene: Maten kjem til å smake godt, og gjestane kjem til å verte nøgde nesten same kva du gjer.
Det er likevel ikkje til å kome frå at fallgruvene er færre i pinnekjøtdelen av Noreg enn i ribbeland. Pinnekjøt skal ikkje ha sprø svor, og ingen saus skal jamnast. Kjøtet kan sjølvsagt vere for mykje eller for lite salt, men det er feil gjorde før julaftan du får gjort lite med.
Like lite som du får gjort med pinnekjøtrettleiaren eg kjem med i dag, for har du ikkje kjøpt pinnekjøt og lagt det i vatn seinast i går, får du ikkje pinnekjøtmiddag i dag. Men romjula er lang, og noko skal ein då uansett korte pakkeventetida med?
Naturleg smak
Saka er at pinnekjøt ikkje er pinnekjøt lenger. I det minste ikkje om vi skal tru alle pinnekjøtpakningane som er å finne i butikken – og alle kreative ordvala produsentane tar for å skilje seg ut frå dei andre pinnekjøtpakkar: Vossakjøt sel eldhusrøykt pinnekjøt «med smaken av vestnorsk natur» – oppnådd med lokal flis frå or.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.