Oppvarma ris
Vatn er viktig, men ikkje alltid verdt å betale for.
Ris er rett og slett eit av dei viktigaste kornslaga i verda.
Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
Mat gjev føde – mellom anna til ei rekke helsemytar. Nokre av dei er openbert usanne: Mellom anna var det der eg ein gong budde i Brasil, sikkert og visst at å ete mango saman med mjølk førte til døden. Nett det trur eg Tines yoghurt med mango og pasjonsfrukt har prova feil ganske så greitt.
Andre er meir tvilsame: Eg har ei soppbok der det står at soppen eg har plukka og ete med god appetitt i heile haust, kritøsterssoppen, er giftig. Litt nærare lesing syner at soppen har ført til nyresvikt i Japan, men då hos personar som alt har dårlege nyrer. Eg skal kanskje likevel late vere å tilrå å plukke soppen, eller servere han til kven som helst.
Ein tredje variant er mytar som har ein kjerne av sanning, men som har vakse ut av proporsjonar. Eitt døme i denne kategorien er at ein aldri skal varme opp att ris eller pasta.
Bakterieberarar
Saka er at alle kornarter kan bere med seg sporar av bakterien Bacillus cereus. Denne bakterien formeirar seg i romtemperatur, og kokt og stivelsesrik ris er god mat for han å vekse i. Når han veks, kan han produsere eit toksin – eit giftstoff – som fører til oppkast eller diaré.
Lèt du restar av ris eller pasta stå på kjøkkenbenken over natta, kan dei altså vere fulle av slike bakteriar dagen etter. Men du skal jo varme opp att risen, og dei fleste bakteriar døyr jo når dei vert kokte?
Dei fleste, ja. Bortsett frå dei som dannar sporar og toksin. Slike variantar av Bacillus cereus toler temperaturar over 120 grader og pH-verdiar mellom to og tolv.
Heldigvis er det temmeleg lett å unngå at bakteriesporane byrjar å vekse i fyrste omgang: Berre set risen i kjøleskapet når han har kjølt seg ned til romtemperatur. I temperaturar under åtte grader veks ikkje sporane.
Vi må gå ut frå at det er tatt alle slike forholdsreglar med ferdig kokt ris som vert seld i butikken, og at han er fri for sporar. Det er likevel eit og anna som kan vere greitt å vite om produktet før du puttar det i handlekorga.
Naturleg aroma
Kanskje vert du overraska over at ferdig kokt ris er å få kjøpt i butikken? Jau då, Uncle Ben’s (som snart byter namn til Original Ben’s), produserer fem ulike smaksvariantar med produktnamnet Express: tomat og basilikum, meksikansk, indisk, thai egg fried, jasmin og basmati.
Komprimert, kokt ris skal varmast i mikrobølgeomnen eller i ein kasserolle med litt vatn i på komfyren, og på eit par minutt har du ferdig kokt, ferdig smaksett ris.
To ingrediensar går att i dei fire smaksette variantane: «Ingen kunstige konserveringsmidler, fargestoffer eller aromaer», seier produsenten sjølv. Det inneber likevel ikkje at det ikkje er aromaer og konserveringsmiddel i produkta – berre at variantane som er nytta, kan kallast naturlege: Sitronsyre er eit konserveringsmiddel, men sidan det er dyrka på ein sopp som fins naturleg i naturen, kan han kallast naturleg. Gjærekstrakt er umami frå heilt naturleg gjærsopp, det òg, men fungerer som eit aromastoff ved at det forsterkar smakar. Naturleg smakstilsetjing, som står på innhaldslista, treng heller ikkje vere meir naturleg enn at det er dyrka fram med ein sopp eller bakterie frå ein smaklaus stivelse for å gje ein særleg smak.
Variant nummer fem, jasmin- og basmati-ris, er derimot heilt fri for aroma, konserveringsmiddel og fargestoff i alle variantar. Her kjøper du rett og slett ferdig kokt ris. For det betaler du drygt 20 kroner for 250 gram, eller 81 kroner per kilo. Eit kilo ukokt basmati- eller jasminris kostar kring 40 kroner. Om lag halve prisen, med andre ord.
Eller er det eigentleg det? Ifylgje matvaretabellen, ei offisiell kjelde for næringsinnhald i mat, inneheld tørr basmati- og jasminris høvesvis 12 og 13 gram vatn per 100 gram vare. Kokt ris av dei to variantane, derimot, inneheld 69 gram vatn.
Det er drygt fem gongar så mykje vatn, det. Dette vatnet har du temmeleg nær gratis i springen heime. Eller du kan betale 81 kroner literen for det på butikken. Sidan å koke slik ris tek om lag ti minutt, taper du rett nok åtte minutt per middag. Eg kjenner meg likevel temmeleg trygg på kva som er mest verdt.
Kjøper eg Uncle Ben’s Express ferdigkokt ris? Nei takk, eg sparer eventuelle klager over dyr mat til viktigare råvarer enn risinnkapsla vatn og koker risen min sjølv.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kanskje vert du overraska over at ferdig kokt ris er å få kjøpt i butikken?
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.