JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Nøkkelholmerking

Sunn mat er meir enn berre fråvær av det usunne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Revisjonen av nøkkelholordninga gjer at ferdigrettar òg kan sertifiserast.

Foto: Terje Pedersen / NTB

4558
20210312
4558
20210312

Den offisielle norske merkeordninga for sunn mat – nøkkelholordninga – er revidert. For fyrste gong sidan 2015 er regelverket, som i kvardagslivet til mange fortel kva som er sunt og ikkje sunt, vorte oppdatert og tilpassa det som faktisk finst i butikkane no. Det er temmeleg viktig – for nøkkelholet definerer kva som er sunnast innanfor ein gjeven kategori. For at eit produkt skal få nøkkelholmerking, til dømes ekstra lett mjølk, må det finnast eit anna liknande produkt som ikkje får det, til dømes heilmjølk.

Og sidan 2015 har det kome mange nye produkt i butikkhyllene våre. Mange av dei er ferdigrettar, og mange av dei er meir eller mindre vegetariske. Berre tenk deg om: Kor mange variantar av ferdige pastarettar, eller linsegryter, venta du å finne i butikken då barnet ditt var seks år yngre enn det er i dag? Korleis såg utvalet til Fjordland ut det året Parisavtalen vart vedteken? Greitt nok, vi hadde kjøtkaker og raspeballar, men var temmeleg langt unna laks teryaki, havrelunsj, suppeboksar og smoothie i skål.

Difor er det kanskje på sin plass at den store endringa i siste versjon av nøkkelholordninga er nettopp at det vert mogleg å sertifisere ferdigrettar. Men det må likevel vere lov å spørje: Er det eit framskritt?

Dei fire store

«Vi håper produsentene vil utvikle og merke flere sunnere ferdigretter med Nøkkelhullet. Det vil gjøre det enklere å ha et kosthold i tråd med helsemyndighetenes kostråd», seier Linda Grandlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, i ei pressemelding i høve revisjonen.

Ho set altså likskapsteikn mellom nøkkelholmerkte ferdigrettar og eit sunt kosthald, og her er det eg meiner vi kanskje går litt fort fram.

Lat oss difor gå attende og sjå kva nøkkelholmerkinga faktisk gjer. For å få sette det grøne nøkkelholet på innpakninga di må du tilfredsstille opptil fem kriterium: ligge under grensa for innhald av feitt (for nokre produkt også metta feitt), under grensa for tilsett sukker, for salt og – for brød og andre kornprodukt – over grensa for innhald av fiber. Grensene varierer i ulike kategoriar – naturleg nok, sidan målet med nøkkelholet ikkje er å skjere alt over ein kam, men å gjere det lett for forbrukarar å finne produktet som kjem best ut i kvar produktkategori.

Det er altså fire variantar av næringsstoff – feitt, sukker, salt og fiber – som definerer og utdefinerer sunn mat i Noreg. Ingen er usamde i at desse næringsstoffa er viktige å balansere i eit sunt kosthald. Men vert det heile likevel litt for enkelt?

Næringstettleik

Lat oss nytte ein fiktiv pastarett som døme: For å få nøkkelholmerke må han vere basert på fullkornspasta. Greitt nok. Så må sausen og pastaen i lag ikkje vere for salt, ikkje for feit og ikkje for søt. Men – og dette er eit stort men – desse fem kriteria seier i seg sjølv ingenting om kor næringsrikt produktet må vere.

I eit overflodskosthald, der for mange kaloriar er eit større helseproblem enn for få, er det ikkje rart at avgrensing er høgt på dagsordenen. Men når vi framleis et, er det fordi vi treng næringsstoff. Vi treng vitamin og mineral og protein og feitt og karbohydrat, men vi treng dei så konsentrerte som mogleg, utan alt fyllstoffet. Vi treng omega 3-feittsyrer i riktig forhold til omega 6-feittsyrer, vi treng minerala jern, kalsium, jod, fosfat, selen og sink, og kjøt er viktige kjelder til alle desse minerala. Vi må ete noko som kjem frå dyr for å få i oss vitaminet B12, som igjen trengst for å produserer raude blodlekamar, men vi treng svært lite potetstivelse og maltodekstrin og ekstra tilsett gluten i brødet og modifisert tapiokastivelse og stabilisatoren xantangummi.

Vi treng rettleiing i å ete riktig, ikkje berre unngå å ete feil. Skal vi byrje med statleg sertifisering av noko så matkulturelt og allmenndanna fordummande som ferdigmiddagar, burde sertifiseringsordninga i det minste klare å fange opp dette.

Per i dag er fiber det einaste næringsstoffet du er nøydd til å putte i den nøkkelholmerka maten din. Det held ikkje. Det gjer det heller ikkje at Helsedirektoratet skriv på nettsida si at «alle friske grønnsaker, poteter og belgvekster, samt fersk fisk er naturlige nøkkelhullsprodukter selv om de ikke er merket».

Nei, eg vil ikkje ha fleire klistrelappar på epla og pærene mine. Kanskje vil eg ikkje ha merkelappar eller -ordningar i det heile. Eg vil berre ha eit matsystem som verdset næringsrik mat. Skulle ikkje vere så vanskeleg, det, vel?    

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fire variantar av næringsstoff definerer og utdefinerer sunn mat i Noreg. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis