JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Mjølk

Mjølk rett frå ku og geit er framleis ikkje næringsmiddel i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg kan mjølke ku, men vil ikkje late oss drikke mjølka før ho er pasteurisert.

Foto: Tore Meek / NTB

4381
20210205
4381
20210205

Det har vore ein lang kamp. I over ti år har bønder, ystarar, matelskarar og andre forbrukarar kjempa for å ta attende ei av dei viktigaste – og mest symboltunge og tradisjonsberande – råvarene i norsk matproduksjon: mjølka slik ho kjem frå kua og geita.

Per i dag – 2021 – er ikkje mjølk eit næringsmiddel før det har vore gjennom ei pasteurisering på eit meieri. For å spesifisere siterer vi Skatteetaten:

«Det følger av animaliehygieneforskriften § 21 at all melk som omsettes til konsum skal være varmebehandlet (pasteurisert). Fra gård eller seter kan det omsettes upasteurisert melk direkte til forbruker for bruk i egen husholdning, dersom omsetningen skjer tilfeldig og ikke har preg av butikksalg. […] Utgangspunktet er derfor at melken må ha gjennomgått varmebehandling eller annen tilfredsstillende behandling etter ovennevnte forskrift før den anses som næringsmiddel avgiftsmessig sett.»

Det var dette – å kunne selje upasteurisert mjølk rett frå gardstank til forbrukar i avgrensa mengder og i eit kontrollert system – den nemnde grupperinga ynskte å endre på. I 2017 fekk dei med seg dåverande landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) på å undersøke om dette var mogleg å få til. Reint formelt gjekk det ut på at Helse- og omsorgsdepartementet bad Mattilsynet greie ut eit forskriftsutkast som tillèt ein avgrensa omsetnad av rå, upasteurisert mjølk.

Resultatet kom for nokre veker sidan: Det vert ikkje noko forskriftsutkast. Det vert framleis ikkje lov – i organiserte former, vel å merke – å selje rå mjølk i Noreg.

Lov på ulik vekedag

Kvifor denne konflikten? Mjølk er ei sukkerhaldig væske med temmeleg høg pH. Det gjer henne til eit godt levemiljø for sopp og bakteriar. Ein del av dei kan vere skikkeleg skadelege – som ulike E. coli-bakteriar, til dømes, eller stafylokokkar. Om fersk, upasteurisert og usyrna mjølk ikkje vert halden kald, kan det vere farleg å drikke henne. Difor har vi sidan femtitalet hatt eit forbod mot omsetnad av upasteurisert mjølk i Noreg.

Eller – forbod? Som sitatet frå Skatteetaten ovanfor syner, er det tillate med tilfeldig sal av mjølk rett frå bonde til forbrukar. Tilfeldig vil til dømes seie at kunden ikkje kan kome på same dag kvar veke, og ho må ha med seg eigen emballasje til mjølka.

Her ligg noko av det absurde i at departementet avviser ei forskrift for regulert, avgrensa sal av rå mjølk: Ei slik forskrift ville gjere det mogleg – og naudsynt – for seljarar å informere kjøparar om handsaming og oppbevaring av mjølka. Det kunne til dømes vore gjort på emballasjen produsenten då ville kunne lage.

Ja, den upasteuriserte mjølka kunne merkast slik vi merker andre matvareprodukt med potensiell helserisiko. Det er nemleg langt frå berre mjølk som kan vere enten sunn eller skadeleg for oss, alt etter korleis produsenten og vi forbrukarar handsamar produktet.

Andre farar

Den vanlegaste bakterielle årsaka til diarésjukdom i Noreg er campylobacter. Den nest vanlegaste smittekjelda til campylobacter er å «tilberede eller spise fjørfeprodukter kjøpt rått». Sagt i klartekst: Vi må varmehandsame kylling før vi et han, og vi må vaske skjerefjøl, kniv og fingrar, slik at vi ikkje fører eventuell smitte vidare. Om det er enkelt, er det fordi vi har lært oss det.

Og kyllingen er langt frå aleine. Til dømes tilrår Mattilsynet å skylje all frukt og alt grønt før inntak. Årsaka kan vere alt frå plantevernmiddel til bakteriar. Dei tilrår endåtil å koke frosne bær dersom dei er importerte: Det har nemleg vore fleire utbrot av norovirus og hepatitt A frå slike bær som kan verte smitta av både vatningsvatn og uhygienisk handtering. Aller flest sjukdomsutbrot har vi kanskje frå ferdig oppskoren salat: Seinast i desember i fjor var truleg slik salat årsaka til eit utbrot med tarmbakterien Yersinia enterocolitica.

Å leve inneber risiko, og vi har fagstyresmakter som hjelper oss vanlege, dødelege med å balansere denne risikoen. Men noko ansvar bør vi framleis få ta sjølve. Forslaget som låg til grunn, var eit særs avgrensa sal som i all hovudsak var retta mot særs opplyste forbrukarar og bønder. Dei burde kunne få nytte alt potensialet som ligg i å produsere det styresmaktene sjølve gjerne kallar verdas beste mjølk.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å leve inneber risiko, og vi har fagstyresmakter som hjelper oss vanlege, døde­lege å balansere denne risikoen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis