Frå matfatet

Maten i verda

Om du treng spaningslitteratur, kan eg for tida tilrå marknadsrapportane frå Landbruksdirektoratet.

Mat kostar det han kostar, men kjem det ein dag då vi er glade for å få tak i han i det heile?
Mat kostar det han kostar, men kjem det ein dag då vi er glade for å få tak i han i det heile?
Publisert

Kva kostar ei tysk gulrot for tida? Jau, ho kostar 59 prosent meir enn ho gjorde i februar – i euro. Om vi reknar prisen om til norske kroner, som vi jo må om vi skal hente gulrota hit til lands, vert prisauken 67 prosent. Årsaka? Låg tilgang – høg etterspurnad. Og gulrota er langt frå aleine:

«Det er knapphet for løk i Europa og ellers i verden», skriv Landbruksdirektoratet i si nettoversikt over internasjonale matvareprisar. Årsaka er mellom anna at tørke har ført til at laukavlingane i Spania har minka med 30 prosent. Og kiloprisar på lauk har no for tida hamna utanfor grafen Landbruksdirektoratet nyttar – han stoppar på 10 kroner per kilo. Ein «vanleg» kilopris dei siste åra har vore mellom 4 og 7 kroner.

Potetprodusentane slit òg med tørke og varme: Arealet med dyrka potet til industri i Europa var større i 2022 enn i 2021, fortel Landbruksdirektoratet. Likevel var avlinga mindre – og av dårlegare kvalitet. Etterspurnaden er venta å auke og prisane å gå opp.

Og kva så med dei animalske produkta? Om koronapandemien for det meste er over, er fugleinfluensapandemien i høgaste grad pågåande: I USA mista 43 millionar høner livet som fylgje av fugleinfluensa i 2022. Enno har ein ikkje anna val enn å avlive heile flokkar om det vert funne smitte – det finst ingen kur, og vaksinar er verken gode nok eller mogleg å administrere på så mange individ. Legg til ei næring som er særs utsett for auke i straum- og fôrprisar, og du har ei råvare som har auka 37 prosent i pris frå i fjor – om ho i det heile er å få tak i.

Pizza og sjokolade

Men ikkje alle prisar går i taket. Til dømes har prisen på smør gått ned frå rett over 70 kroner per kilo i tredje kvartal i fjor til rett over 50 kroner per kilo i fyrste kvartal 2023. Trass i auka etterspurnad har produsentar i Europa klart å produsere meir smør. Etterspurnaden etter skummamjølkpulver går derimot ned. Så kan ein lure på korleis økonomien til produsentane ser ut til slutt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement