Frå matfatet
Mat som næring
Å oppdage nye aktørar i matbransjen er alltid spanande.
Hurtigruta MS «Nordnorge» i Raftsundet: Mange element må landast for å få til ei slik reise, kvar einaste dag, året rundt.
Foto: Simo Rasanen / Wikimedia Commons
«Gress Gruppen inngått kontrakt med Norsk Kylling», står det på framsida av Dagligvarehandelen.no – ei nettavis eg nok brukar meir enn gjennomsnittleg tid på, fordi ho stadig held meg oppdatert på sider ved matbransjen som eg ikkje får gjennom til dømes Nationen og Facebook.
No har nettavisa gjort meg merksam på ein aktør eg aldri har høyrt om før: Gress Gruppen. Kva gjer dei? Har dei noko med beiting å gjere? Eg klikkar meg inn og ser at det har dei ikkje. Men verdt å få med seg, det er dei likevel.
Gress Gruppen er, ifylgje dei sjølve, ei medlemsbasert strategisk innkjøpssamanslutning for aktørar i storhushaldsbransjen. Blant medlemmane er Scandic Hotels, Radisson Hotel Group, Compass Group, Hurtigruten, Torghatten, O’Learys og Gate Gourmet. Om du et på eit hotell, ei ferje, eit cruiseskip, ein pub, ei kantine, ein flyplass eller eit fly denne hausten, er det med andre ord mykje truleg at maten din – eller i det minste avtalen om innkjøp av maten din – har vore innom Gress Gruppen AS.
Dette vert endå tydelegare når vi ser på tala: Medlemmane i Gress Gruppen omset årleg for 22 milliardar kroner – og av det er det årlege innkjøpsvolumet formidla gjennom Gress Gruppen 3 milliardar.
Dei store får mest
Ein av desse leverandørane er altså Norsk Kylling, som no får levere kylling til ein stor bit av den norske horeca-marknaden (hotell, restaurant og catering). Brorparten av leveringane kjem nok likevel gjennom ein aktør vi kjenner godt frå før: Ei pressemelding frå 7. juli 2021 syner at Gress Gruppen då flytta «innkjøpskontrakt for 3–4 milliarder fra Norgesgruppen til Reitan Handel».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.