Frå matfatet
Livbergande mat
Kor rart det enn høyrest ut: Av og til må vi drepe dyra for å berge dei.
Villsau, eller gamalnorsk sau. Ete – eller berge? Eller ja takk, begge delar?
Foto: Siri Helle
Plantebaserte kyllingnuggets. Plantebasert pølse. Plantebasert burgar, snitsel, ja, endåtil plantebasert biff er no å finne i kvar einaste daglegvarebutikk. Er det framleis provoserande, eller har vi vorte vane med at fredagsbiffen like godt kan vere laga av hydrolisert soyaprotein, kikertmjøl eller gluten som av muskelmasse frå ku?
Spør du meg, kjem svaret bitte litt an på korleis dei vel å marknadsføre seg. Dersom dei reklamerer for seg sjølve og dei påståtte fordelane sine, får det no så vere. Det er når dei, som nederlandske Vivera, påstår å vere så mykje meir samvitsfulle val enn produkta dei vel å kopiere, at eg får piggane ut.
«More life less meat», er slagordet til Vivera, som i Noreg vert omsett av Friele Group – «meir liv, mindre kjøt», altså, og på pakningane sine skriv dei «Ved å velge dette produktet har du akkurat gjort (…) mange dyr en stor tjeneste.»
Ved å ete vegetarisk – og velje biff laga av hydrolysert soya- og kveiteprotein, solsikke- og kokosnøttolje og ei lang rekke tilsetjingsstoff – reddar du liv, hevdar Vivera. Og det er vel umogleg å vere usamd i? Eller?
Ikkje så enkelt
Å vere vegetarianar for å sleppe å ta liv er ikkje noko nytt. Dersom samvitet ditt seier at du ikkje skal ete noko som har levd, lèt du berre vere. Likevel: Du kan ikkje gå rett derfrå til å seie at å ikkje ete dyr er å gjere dei ei teneste. Så enkel er ikkje verda, og vi skal sjå på nokre døme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.