JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Landbruksteljing

Nedgang i landbruket er inga overrasking, men like fullt eit problem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein, to, tre... Norsk matproduksjon treng stadig færre hender, men kor få er for lite?

Foto: Kyrre Lien / NTB

4079
20210326
4079
20210326

Norsk jordbruk har prega notisavdelingane i norske aviser siste veka. At Statistisk sentralbyrå (SSB) har presentert ei ny landbruksteljing – kvart tiande år kjem SSB med slike komplette tal over forhold i jordbruksnæringa – og at ho syner at talet på årsverk i næringa er redusert med over 40 prosent dei siste 20 åra, frå 88.300 i 1999 til 49.800 i 2020, er altså akkurat så interessant at det får plass i ein notis basert på ei NTB-melding, kanskje ved sida av ein notis om ein siger eller eit tap i skisporet.

Eg synest teljinga fortener meir plass. Difor gjev eg ho det.

Opptrappingsvedtak

SSB har telt landbruksnæringa på meir eller mindre same måte sidan byrjinga på 1900-talet. Og i 2020 synte ho mellom anna at tre av fire gardsbruk er lagde ned dei siste 50 åra. 75 prosent av gardane vi hadde i 1970, er vekke no. Så å seie ingen nye kjem til. Kva har skjedd?

Ein kan seie det byrja med opptrappingsvedtaket midt i 1970-åra. I etterkant av skattestreiken som fekk namnet Hitra-aksjonen, vedtok Stortinget ein auke i midlane til norsk matproduksjon og samstundes ei rekke mål: eit flott produksjonsmål om at Noreg burde vere sjølvforsynt med kjøt, mjølk, egg, poteter og lagringssterke grønsaker, eit busetnadsmål og eit inntektsmål om å ta jordbruksløna opp til industriarbeidarnivå. Ja, dei var til og med tidleg ute med eit miljø- og ressursmål – og så toppa dei det heile med eit effektivitetsmål som frykteleg effektivt slo alle dei andre målsetjingane i hel, fordi det vart vanskeleg å tenke full busetnad samtidig som ein effektiviserte vekk småbruk etter småbruk, og vanskeleg å auke prisane på ei vare som lèt seg produsere med stadig færre arbeidstimar per liter eller kilo.

Eller vi kan gå endå lenger attende og seie det byrja etter krigen, då ein i valet mellom å bygge opp att Noreg som ein jordbruks- eller industrinasjon valde industrien og putta bønder inn i fabrikkane. Særleg skulle dei kvitte seg med stølsdrifta, og dei klarte det nesten: I dag er berre om lag 1 prosent av stølane og setrene vi hadde etter krigen, i drift.

Å seie at nedgangen i talet på årsverk, på bruk i drift, kom overraskande på oss, er ikkje eingong å ta i litt. Det er å lyge. Heilt frå Norges Bondelag gjekk ut av syttiåra med slagordet «Færre, men sterkere», har store delar av bransjen sjølv, så vel som politikarar og byråkratar som forvaltar han, hatt dette som uttalt mål.

Det som går opp

Heilt har dei likevel ikkje klart å utslette seg. 49.800 årsverk klamra seg framleis fast i det norske jordbruket i 2020. Og no ser stadig fleire at det byrjar å nærme seg nok – kanskje vart det nok for lenge sidan.

For kva er det som går opp i norsk jordbruk? Jau, det er sjølvsagt slikt som mjølkeproduksjonen per ku og kilo kyllingkjøt produsert per kilo fôr. Men fyrst og fremst er det gjelda: Frå 1999 til 2016 fekk kvart norske gardsbruk i snitt nærare fire gonger så høg gjeld. Utan ekstern inntekt er det vanskeleg å kome under 50 prosent gjeldsgrad på kjøp av gardsbruk: Inntektssjansane står ikkje i forhold til kostnadane ved den effektive maskinparken.

Korleis ville matproduksjonen vår sett ut dersom vi lét 88.900 folk drive han? Ville maten vår vorte dyrare? Kanskje litt, men det er òg eit politisk spørsmål. Sidan vi i dag fyrst og fremst betalar bonden per liter og kilo produkt, er det ikkje sikkert skilnaden hadde vorte så stor.

Derimot er dei tapte årsverka synlege på så mange andre måtar. Vi ser dei i åkerkantar og -øyar som ikkje vert slått fordi rundballepressa ikkje kjem til, i utmarksteigar som gror att med einer, og seljekratt som står i vegen for skispora, i tomme fjøs som står og forfell, og bak bustadhusdører som aldri vert smelte opp ein morgon av ein tenåringskropp som spring det ho klarar for å nå skulebussen.

Det kan synast som at di fleire vi vert, di færre skal produsere maten vår. Kor robust vert samfunnet vi bygger etter denne malen?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vart vanskeleg å tenke full busetnad samtidig som ein effektiviserte vekk småbruk etter småbruk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis