Frå matfatet

Kvalfangst

Kan smerta som endar livet, vegast opp mot fridommen som har fylt det?

Om denne vågekvalen solar seg, trimmar, søv eller dansar, skal eg ikkje seie, men mykje tyder på at han har valt aktiviteten sin heilt sjølv.
Om denne vågekvalen solar seg, trimmar, søv eller dansar, skal eg ikkje seie, men mykje tyder på at han har valt aktiviteten sin heilt sjølv.
Publisert

«Fangst av større hval er fortsatt en av de mest inhumane jaktmetodene som finnes. Selv med bomber og granater har man ikke funnet en måte å avlive dyra på en rask og sikker måte.» Ja, slik blir ein notis avrunda i avisa Klassekampen fredag 9. juni. Notisen er å finne under spalta «Kalender» og skriven i høve kvalfangaren Svend Foyns fødselsdag.

Svend Foyn laga den fyrste granatharpunen – våpenet som framleis vert nytta til å skyte vågekval – midt på 1800-talet, og det er liten tvil om kva han ville meint om orda notisforfattaren (namngjeven som MLN) skriv i samband med fødselsdagen hans. Kva ein mann som har vore død i over eit hundreår, vert sur for, er likevel mindre viktig i denne samanhengen. Spørsmålet vert om påstanden er riktig: Er kvalfangst i Noreg i 2023 ei inhuman form for jakt?

Dødsaugneblinken

Kva tid er eit dyr dødt? Om ein ikkje er på eit sjukehus, er det faktisk ikkje så lett å vite som ein skulle tru. Eg sat ein gong med ein påkøyrd liten hund på fanget i ein bil i nesten ein time medan vi køyrde han til dyrlegen. Han var død då han kom fram, det veit eg, men akkurat kva tid han døydde, det kan eg ikkje seie.

Då seier det seg sjølv at det ikkje er så lett å slå fast kva tid eit skote, fleire tonn tungt dyr som søkk gjennom vatn fleire hundre meter vekke, faktisk døyr. Det er òg tilfellet for vågekval som vert skoten på med granatharpun: Ein granatharpun fungerer slik at når granaten, som sit på spissen på harpunen, har gått 65–70 centimeter inn i kvalkroppen, vert det detonert ei sprengladning. Denne ladninga er pakka på ein slik måte at det oppstår ein trykkauke som spreier seg som ei boble i omgjevnadene. Trykkauken «kan være fatal for levende vev og organer også langt vekk fra detonasjonsstedet», ifylgje ein presentasjon om regelverk og framgangsmåte for avliving av vågekval laga av Havforskingsinstituttet.

Tilrådd skyteavstand er tretti meter. Skyttaren siktar på hjarte og vitale organ. Treffer skyttaren i fremre del av dyret, meiner Havforskingsinstituttet at nær 100 prosent av kvalane døyr momentant. Som regel er dødsårsaka skadar i sentralnervesystemet som fylgje av trykkbobla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement