JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kortreist lokalmat

Ikkje alt som er lite, er kort – og ikkje alt vert lokalt av å vere nærare enn noko anna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lokalmat er i vekst, og nokon vil profitere på det. Men kven skal få nytte namnet?

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

4496
20210219
4496
20210219

Så får vi henne endeleg: rettssaka som utfordrar kva som kan kallast kortreist – eller lokalprodusert – mat. Merkevareleverandøren (ja, det er det dei kallar seg sjølv) Orkla har nemleg saksøkt sjømatprodusenten Lofotprodukt for å bruke ordet «kortreist» i marknadsføringa av sin variant av makrell i tomat.

Orkla meiner at pelagisk makrell, fanga over store område, blanda med tomatsaus frå Portugal på ein fabrikk på Sunnmøre og seinare transportert hundrevis av mil til heile Noreg, ikkje kan vere kortreist.

Lofotprodukt meiner på si side at deira makrell i tomat er meir kortreist enn Orklas variant, som vi kjenner som Stabburet: Han er nemleg produsert i Sverige på svensk makrell.

Kven har rett? Målt i mil ligg fabrikken i Sverige truleg nærare mange nordmenn enn fabrikken på Sunnmøre. Men handlar kortreist mat verkeleg berre om kilometer langs ein veg?

Lokalmat

Kva er eigentleg kortreist mat? Mellom anna er det eit omgrep matsertifiseringsnæringa ynskjer å fase ut: Alt i 2015 gjekk leiar for Stiftinga Matmerk, Nina Sundquist, ut i Nationen og sa «Nei til kortreist mat» fordi det i eit så «langt og krøkkete» land som Noreg er vanskeleg å definere kor langt kortreist mat kan reise før han vert langreist. Ho oppmoda oss til heller å bruke lokalmat – eit omgrep som har ein definisjon: Lokalmat er «mat og drikkeprodukter med en lokal identitet/ særegen opprinnelse eller spesielle kvaliteter knyttet til produksjonsmetode, tradisjon eller produkthistorie».

Store norske leksikon har ein definisjon av kortreist, og han går slik: «Kortreist betyr lokalprodusert, og brukes om matvarer som er fraktet forholdsvis korte distanser frå produsent til konsument.»

Kortreist mat er det same som lokalprodusert mat. Og er ikkje det vi då tenkjer på, mykje meir enn berre reiseavstand? Handlar det ikkje om lokal tilknyting, spesialisering heller enn generalisering, det unike heller enn kopien, handverk heller enn industri?

Og om vi ser slik på det, og samtidig tek med oss definisjonen sett ovanfor, er Makrell i tomat frå Lofotprodukt eit lokalmatprodukt?

Jamført med ost

Det fyrste som slår oss, er at produksjonen er fjerna frå råvareleverandøren. Men at makrell er ein fisk som sym langt, kan ikkje verte brukt mot han – heller ikkje at fabrikken ligg nokre kilometer frå der makrellen vert landa, som altså er i Gjerdsvika på Sunnmøre og ikkje i Lofoten.

Fabrikken som produserer for Lofotprodukt, heiter Maritim Food og er eigd av konsernet Insula, som Lofotprodukt er ein del av og i si tid var med og starte. Insula eig mellom anna sterke, regionale fiskemerkevareprodusentar som Manger Seafood, Madam Bergen og Domstein. Dei er altså ein betydeleg aktør i sjømatmarknaden. Men inneber det at dei ikkje kan produsere lokalmat?

Så enkel er heldigvis ikkje verda. Av store lokalmat-
produsentar kan vi trekke fram to velkjende osteprodusentar: italienske Parmiggiano reggiano (parmesan) og franske Roquefort. I 2020 lagde italienarane nærare 150.000 tonn parmesan, medan det i Frankrike vart produsert nærare 19.000 tonn Roquefort i 2019. Det er berre litt mindre enn Tine får produsert av sin Jarlsberg: 23.000 tonn Jarlsberg-ost vert send ut i verda kvart år, ifylgje dei sjølve. Likevel er Roquefort eit lokalmatprodukt, medan Jarlsberg ikkje er det. Årsak: Tine lèt irlendarane produserer Jarlsberg på irsk mjølk. Altså fjernar dei produktet frå opphavsstad og frå alle stadeigne kvalitetar ved råvara.

Der Roquefort berre kan produserast på mjølk frå sauerasen Lacaune og modnast i Combalou-grottene i Roquefort-sur-Soulzon, kan kva som helst slag kumjølk i verda brukast til å produsere Jarlsberg. Det gjer ikkje Jarlsberg til ein dårleg ost, men det gjer han til ein generisk ost – i motsetnad til ein Roquefort, som får sitt særpreg – og sin særeigne smak – frå lokal identitet.

Slik må vi òg vurdere makrell i tomat, om vi skal vurdere han som lokalmat: I kraft av seg sjølv, og ikkje som meir lokal enn noko anna.

Det er på tide vi tek denne diskusjonen, men han fortener ein høgare himmel enn den mellom Orkla og Lofotprodukt. Å halde lokalmaten rein burde vere ei æressak som kunne regulerast av sunt bonde- og fiskarvit i eit land som Noreg. Diverre er det ikkje slik – og Orkla, som sjølv sel heilgenerisk agurkmiks som kortreist, er ikkje rette verksemda til å kaste fyrste steinen.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Handlar kortreist mat verkeleg berre om kilometer langs ein veg?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis