Frå matfatet
Klimavenleg sjølvforsyning
Forskarar meiner vi kan verte sjølvberga i Noreg – om vi kuttar kjøt, egg og meieriprodukt.
Sauer og 17. mai: Norskare vert det ikkje. Men kor lenge får det vare? Sauer og 17. mai: Norskare vert det ikkje. Men kor lenge får det vare?
Foto: Jan Kåre Ness / NTBFoto: Jan Kåre Ness / NTB
I august 2021 bestemte regjeringa at eit utval skulle greie ut korleis Noreg kan nå målet vi har sett oss i klimalova: å verte eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Innan 1. november i år skal Klimautvalet 2050 legge fram ei offentleg utgreiing om kva vegval Noreg må ta for å verte nettopp dette lågutsleppssamfunnet.
Utvalet har heimeside, og her kan ein lese både den mellombelse rapporten frå i fjor – i tillegg til kva utgreiingar dei har henta inn frå eksterne faggrupper. I denne kategorien finn vi mellom anna dagens tekst: Nibio og Ruralis’ utgreiing «Produksjonspotensial i jordbruket og nasjonal sjølforsyning med mat».
Konklusjonen som vert presentert i nettsaka, er pirrande: «det er mulig å forsyne Norges befolkning med et plantebasert kosthold basert på kun norske arealressurser».
Eit sjølvforsynt Noreg der, altså. Men kvifor – i graslandet Noreg, meiner eg, der 3 prosent av arealet er åkerland medan over 40 prosent er beitemark – skal kosthaldet vere plantebasert?
Mat om vinteren
I mandatet bed Klimautvalet om svar på teknisk potensial for dyrking av alle plantevekstar til menneskemat – altså korn, belgvekstar, frukt, bær og grønsaker. Så kjem beitebruken: «Overordnede vurderinger av hvordan man kan få mest mulig ut av tilgjengelige beiteressurser», vert det bede om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.