JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kjøtpolitikk

Kjøtskam er ikkje for alle, men nokre sentralt plasserte landbrukspolitikarar kan kjenne på litt meir av det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kukos: At landbruksminister Sandra Borch er glad i norsk jordbruk, er det ingen som tvilar på – men nyttar ho engasjementet på den mest matnyttige måten?

Foto: Javad Parsa / NTB

4090
20230331
4090
20230331

Ein kan nesten lure på kven som har kome på ideen: I forkant av landsmøtet til Senterpartiet for eit par helgar sidan var mat- og landbruksminister Sandra Borch og parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet Geir Pollestad på restaurantbesøk med Dagbladet. At dei skryter av å drikke vin med ein polpris på 586 kroner er éin ting (artikkelen seier ingenting om kven som betalte), at dei begge et biff ein annan. Å gå ut og kose seg med god mat før lange dagar i ein møtesal er det ikkje noko i vegen med.

Verre vert det når dei to røynde politikarane byrjar å prate. «Middag uten kjøtt? Da er det ikke middag», byrjar landbruksministeren. «Kjøttfri mandag er noe jåleri», held den parlamentariske nestleiaren fram – før dei legg ut om korleis dei ikkje kan hugse sist dei åt eit vegetarisk måltid: Borch trekker fram at ho for ei stund sidan åt norsk aure, medan Pollestad ikkje strekker seg lenger enn til graut midt på dagen på julaftan – før julemiddagen som bestod av kalkun, ribbe og pinnekjøt.

I desse dagar kjem dei nye framlegga til offisielle kosthaldsråd. Dei nordiske næringsstofftilrådingane fortel oss korleis vi et, og korleis vi bør ete, både av ulike næringsstoff og – nytt av i år – for å vere med på å bidra til å nå berekraftsmåla vi som samfunn har sett oss. Dei inneber – mellom anna – råd om å ete lågare i næringskjeda: meir vegetabilsk og mindre animalsk kost.

Mykje har alt vore sagt om denne sida av saka, og mykje meir kjem til å verte sagt – både av fagfolk i forskingslaboratorium og på fjøsgolv, av journalistar og av politikarar. Men til grunn ligg noko vi alle veit: Vi hadde alle saman, både for vår eigen og for miljøet sin del, hatt godt av å ete mykje meir fisk, ein god del meir grønsaker og frukt, mjølk og potet, og bitte litt mindre kjøt.

Ta kjøtkampen

Når Borch og Pollestad nektar å ta dette innover seg, trur dei nok dei gjer det for landbrukets beste. Men tener norsk landbruk eigentleg på at politikarane deira legg seg ned og lograr for det? Det rekordhøge jordbruksoppgjeret i fjor er eit døme på det motsette. Den høge summen berga på ingen måte næringa, ikkje berre fordi han ikkje var stor nok, men kanskje fyrst og fremst fordi han ikkje gjorde noko med retninga stønaden – og med det politikken – tek.

Å gjere nokre endringar i mengda kjøt som vert produsert i Noreg, treng nemleg ikkje innebere kroken på døra for heile jordbruket. Snarare tvert om: Truleg vil jordbruket tene på å spele på lag med utviklinga.

Dersom ein går inn og gjer nokre endringar, kan ein kome i forkant av ein røyndom der forbrukarar etterspør mindre, men betre kjøt: Ein kan til dømes vekte areal høgare enn produksjon i tilskotsutmålinga, eller premiere litt lågare ytande beitedyr høgare enn kraftfôromformande fjøsfangar. Ein kan unngå å verte sittande med nye kjøtberg på reguleringslager som fører til omsetningsavgift og endå lågare prisar til produsentane.

Politikk for jord

Bønder vert angripne frå mange hald og av ymse årsaker: Ressursentusiastar (som meg) kritiserer dei for for lite beiting i utmark, medan rovdyrentusiastar og dyrevelferdsforkjemparar meinar dei ikkje har noko å gjere i fjellet i det heile. Hytteeigarar vil ikkje ha bæsj på trappa, vindkraftverk vil ha vegar, forbrukarar meiner maten er for dyr, og styresmakter kjem med stadig nye krav til rapportering og kursing – berre for å nemne noko. Då kan det nok kjennast godt med eit par politikarar som skryter – fortent, for norske bønder lagar god biff – av varene dei leverer.

Det er likevel då vi må hugse kvifor vi har politikarar og landbrukspolitikk: ikkje fyrst og fremst for bøndene, men for matjorda og korleis vi skal få ho til å levere mest og best mogleg mat til alle i Noreg. Ei næring som står så til dei grader og bikkar på kanten av stupet som det norsk jordbruk gjer no, treng ikkje politikarar som sit trygt inne på platået og et. Dei treng politikarar som bygger vinsjar og kraner for å hale næringa inn att på trygg grunn.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis