JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kjøtforbruk

Eit grønt landsmøte har gjeve trong for ei opprydding i store ord om nordmenns forbruk av dyrekjøt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvar av oss har ansvar for om lag 70 kilo slakt årleg. Er det for mykje?

Foto: Cornelius Poppe / NTB

4116
20210409
4116
20210409

Vil det å ete berre halvparten så mykje kjøt i Noreg rasere landbruket eller vere ei gudegåve til helsa vår? Vedtaket Miljøpartiet dei grøne (MDG) gjorde på landsmøtet sitt før påske, var enkelt nok, men eit langsiktig mål om å halvere det norske kjøtforbruket har gjeve reaksjonar i ei heil rekke ulike retningar, og påstandane har vore sterke.

Dei bør òg vere sanne. Om kjøt faktisk vekker så mange kjensler i oss, lat oss då ta oss tid til å fundere dei godt – gjennom ein rask liten gjennomgang av fakta.

potensial

Det vert naturleg å byrje hos kjelda: «Vi nordmenn spiser i dag mye mer kjøtt enn det som lar seg produsere i Norge utan import av fôr», uttalar partileiar Une Bastholm i ei pressemelding – og leier oss med det inn på kor mykje kjøt som faktisk vert produsert i Noreg, kontra kor mykje vi kan produsere om vi berre bruker eigne ressursar.

Kvar nordmann et for tida dryge 50 kilo kjøt i året. Sidan ein del av dyret går vekk i slakteprosessen, må vi legge til om lag ein tredjedel for å finne ut kor mykje som må slaktast kvart år for det noverande kjøtforbruket vårt. Engrosforbruket vårt ligg på rett over 70 kilo per person. Nærare 5,4 millionar nordmenn et med andre ord litt over 377.000 tonn kjøt i året.

Og kor mykje slaktar vi? Jau, 348.270 tonn i 2020, ifylgje Statistisk sentralbyrå. I tillegg importerer vi kring 20.000 tonn og grensehandlar kring 5 prosent av forbruket vårt. Men denne importen er altså ikkje naudsynt – ut frå forbruket. Sjølv ikkje om vi korrigerer for fôrimport: Kor mykje norskprodusert fôr norske husdyr et, varierer mellom dyreslag. Mest norsk et ammekyr og sau – her kjem 97 og 96 prosent av fôret frå norsk jord. Minst norsk et kyllingen, som hentar 60 prosent av kaloriane sine frå utlandet. Gris et 71 prosent norsk og mjølkekua 82 prosent, ifylgje Animalias årlege rapport Kjøttets tilstand.

Skal vi produsere alt kjøtet vi et, på norske ressursar, slik MDG vil, må vi altså ete kjøt annleis enn i dag: mindre kraftfôroppdrett, meir frittgåande. For skal vi gjere dette reknestykket komplett, må vi òg ta med det unytta, norske potensialet: Per i dag brukar vi berre halvparten av beiteressursane vi har i utmarka. Med riktig forvaltning kunne vi hatt dobbelt så mange dyr på beite i sommarhalvåret – og truleg halde kjøtproduksjonen på om ikkje same nivå, så i det minste langt over produksjonen ei halvering ville føre til.

Men kva ville det gjort med helsa vår? «Det er dette her vi faktisk vil ha, både for […] blodårene og de småfeite magene», sa Hanne Feragen frå MDG Røros til Nationen etter landsmøtet. Meir beitekjøt vil seie meir raudt kjøt – som vi, jamført med offisielle kosthaldsråd, allereie et for mykje av. I snitt ligg vi 70 gram over maksimumstilrådinga for raudt og tilarbeidd kjøtt kvar veke, ifylgje Animalia, men inntaket er monaleg høgare for menn enn for kvinner.

Pur sosialisme

Med andre ord seier både ressurstilgang og helse at eit noko lågare kjøtforbruk er å tilrå, men truleg ikkje at det er naudsynt å gå så langt som til ei halvering. Men kva med den kjøtproduserande næringa sjølv? Lat oss sleppe til ein tidlegare landbruksminister, Jon Georg Dale frå Frp: «Det vil føre til en massiv nedlegging av norsk landbruk. Dette er pur sosialisme fordekt under klimaargumentasjon.»

Dette er òg sitatet som i størst grad oppsummerer korleis bransjen sjølv reagerer. Mykje tyder på at dette er ein overreaksjon.

Dei siste femti åra har marknadsprinsippa fått råde i bransjen, og kjøtproduksjonen er dobla. Samstundes er fire av fem gardsbruk lagde ned. Med andre ord har den massive nedlegginga allereie skjedd. Det ein prøver på no, er å redde stumpane. Kanskje er det lurt å prøve noko nytt – og å ta ein nærare kikk på kva tiltak som ligg i vedtaket MDG gjorde rett før påske.

Bak den unødvendig bastante halveringa ligg opptil fleire tiltak som tek norsk jord på alvor. Måtte den delen av debatten sleppe å kome i skuggen av eit unødvendig stort kjøtberg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvar nordmann et for tida dryge 50 kilo kjøt i året.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis