JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kjøtdeig

For enkelte små beist er grensene framleis altfor opne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filet og farse: Dei ser så uskuldige ut, der dei ligg, men kven veit kor dei har vore, og ikkje minst kven som har tatt på dei?

Foto: Robert Couse-Baker / Pxhere.com

4361
20210319
4361
20210319

Jau då. Som om ikkje viruset som aldri tok slutt, ikkje var nok: No har vi fått eit nasjonalt salmonellautbrot òg. Og nett som koronavirusmutasjonane oppstår det ikkje av seg sjølv. Det vert pressa på oss utanfrå. I dette tilfellet handlar det om kjøt importert frå Tyskland – kjøt vidareforedla til karbonade- og kjøtdeig selt i butikkane til Norgesgruppen over heile landet.

Bortsett frå det skal vi kanskje ikkje bruke for mykje tid på å samanlikne dei to situasjonane. Mattilsynet hadde trass alt ikkje registrert fleire enn 22 smitta av salmonella per 11. mars. Men dei 22 er gode døme på kor fort slikt spreier seg: Dei smitta er nemleg busette i Viken, Oslo, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Nordland. Og ti av dei er lagde inn på sjukehus, noko som svarar til innlegging for 45 prosent av dei smitta. Akkurat der kan koronaen altså berre gå og legge seg.

Langreist trøbbel

OK. Frå spøk til revolver: Kva fortel dette oss? Ganske sikkert eitt og anna og om kva sentralisert nasjonal så vel som grenseopen internasjonal matproduksjon fører til. Lat oss byrje med å lese oss opp på nett denne spesifikke situasjonen.

Karbonadedeigen som inneheld bakterien Salmonella enteritidis var produsert på fabrikken Norfersk i Hærland i Østfold. Norfersk er eit heileigd dotterselskap under samvirkeorganisasjonen Nortura, og allereie her skal vi stille spørsmål: Kvifor driv eit samvirke som har som si viktigaste oppgåve å maksimere inntektene til eigarane – råvareleverandørane, det vil seie bøndene – å importerer kjøt frå Tyskland?

Det korte svaret er truleg at dei gjer det fordi maktbalansen i matvarebransjen er slik at Nortura har etablert og driv Norfersk på oppdrag frå Norgesgruppen, den største av dei tre daglegvarekonserna våre. Ingen Nortura-produkt kjem ut frå Norfersk, der kjem berre Norgesgruppens eigne merkevarer, og karbonadedeigen har vorte merkt med namnet på kjeda han skal seljast i: Spar eller Meny, eller EMV-merket Folkets som vi finn på Kiwi. Sidan karbonadedeigen blir seld på Kiwi, Spar og Meny over heile landet, har smitten fått spreie seg så breitt.

Om Norgesgruppen seier at «no skal vi produsere karbonadedeig på råstoff frå Tyskland», så gjer Norfersk det. Men det er ikkje dei sjølve som importerer kjøtet: Importøren er den private kjøtverksemda Prima Jæren.

Prima Jæren har altså importert storfekjøt frå eit slakteri i Tyskland og selt det vidare til Norfersk, som har produsert farseprodukt merkte for Meny, Spar og Kiwi, mellom anna. Og kven har skulda for at salmonellabakteriane fann vegen opp på middagsborda våre? Så langt tek dei alle på seg skulda, og det er bra, men dei sender likevel tankane mine attende til ei viss lasagnehending åtte år attende i tid. Den gongen var det Findus som enda opp med å ha hestekjøt i lasagnen – kjøt som var kjøpt frå eit rumensk slakteri via ein fransk kjøtoppkjøpar og ein fabrikk i Luxembourg.

Vi er ikkje der enno, men det er dit pila peikar. Og spør du meg, er det hundre og åtti grader feil veg.

Stopp på hylla

«Det gjøres med jevne mellomrom funn av salmonella i importert kjøtt», skriv Mattilsynet. Det same Mattilsynet som ikkje vil tillate sal av upasteurisert mjølk fordi «sannsynligheten er høy for at rå melk inneholder sykdomsfremkallende smittestoffer».

No trur eg ikkje det er Mattilsynet som er syndar i denne saka. Eg tippar at Mattilsynet helst skulle sett vi ikkje tok inn kjøtdeig frå Tyskland. Men det er det ikkje dei som bestemmer. Det er det internasjonale handelsavtalar og storpolitikk som gjer. Om vi ikkje hadde kjøpt kjøtdeig frå Tyskland, hadde vi ikkje fått selt fisken vår tollfritt attende.  

Om Mattilsynet ikkje kan gjere anna enn å vere glad for at det fann smittekjelda denne gongen, og sørge for at alle involverte går gjennom smittevernrutinane sine, kan du og eg sørge for at salmonellaen med jamne mellomrom i det minste ikkje kjem lenger enn butikkhyllene. Vi kan late vere å kjøpe han.

Og vi kan til og med klare det utan lesebriller til lita skrift på pakningen: Kjøp gjerne kjøt frå naboen, om du har høve, eller på marknader eller i Reko-ringar. Om det ikkje går, kjøp kjøt frå Gilde, som framleis garanterer berre norsk kjøtråvare.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei sender tankane mine attende til ei viss lasagnehending åtte år attende i tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis