Frå matfatet

Kapers

Det blømer litt for trongt ein stad i krydderhyllene.

Kapersbusken treng ikkje mykje jord for å vekse. Her frå Cartagena-fjella i Spania.
Kapersbusken treng ikkje mykje jord for å vekse. Her frå Cartagena-fjella i Spania.
Publisert

Er ikkje internett fantastisk? Kven hadde for berre få tiår sidan trudd at eg kunne sitte heime i mi eiga stove og få svar på kva hylle eg kan finne kapers på i ein daglegvarebutikk i USA eller Storbritannia? Vel, det kan eg no. Ja, det er endåtil fleire internettsider der ute dedikerte til å hjelpe meg og alle andre internettilknytte folk med slike problemstillingar – med eit enkelt googlesøk (eg nytta «capers supermarket») dukkar både Grocerystoreguide.com, Infogrocery.com og Fastfoodjustice.org opp.

Og alle gjev dei meg det same svaret på spørsmålet eg lurte på: Er det fleire land enn Noreg som er så dumme at dei insisterer på å sette kapers i krydderhylla?

Sylta blomeknopp

Vi skal kome attende til det, men fyrst ein kjapp runde innom kva kapers faktisk er for noko. For – og her skuldar eg på den fullstendig feiltolka og kompliserande hylleplasseringa – det er altfor lite bruk av kapers i norsk matlaging, ja, det er altfor få som veit at kapers eksisterer i det heile. Det må vi gjere noko med, og eg byrjar no.

Kapers er ein blomeknopp frå kapersbusken Capparis spinosa. Dette er ein busk som veks vilt, særleg kring Middelhavet, og om knoppane ikkje vert plukka, utviklar dei seg til store, kvite blomar. Kapersbusken kan vekse på særs karrig jord – enkelte stader nesten rett på berget– og nyttar såleis areal som ikkje elles kan dyrkast. Men blomeknoppane må i stor grad haustast for hand, så produksjonen er arbeidskrevjande.

Kapersbusken får også bær, som ein i Noreg gjerne får kjøpt som kapers med stilk eller store kapers. Ser ein nærmare på busken, ser ein skilnaden: Kapersblomane har lag på lag med små, delikate kronblad, medan kapersbæra er fylte med små fruktsteinar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement