JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Julemat

Dei kallar det priskrig på julemat, men vi veit alle kven som vinn til slutt. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik kan tradisjonell julemat sjå ut. Daglegvarehyllene har eit breiare utval.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4272
20231208
4272
20231208

Ja, så var det jul igjen – i det minste er ho godt i gang i butikkane. Og daglegvarebransjen står sjølvsagt ikkje attende for resten. Tvert om vert gjerne starten på førjulstida målt i kva tid den fyrste julemarsipanen, den første julebrusen og dei første julekakene dukkar opp på Rema, Kiwi, Spar eller Coop.

Men dagane då julematen var avgrensa til varer som brus, marsipan, pinnekjøt, ribbe og risgraut, er definitivt over. Bli med på ein tur inn i Noregs julematrepertoar 2023 – eller, som eg likar å kalle det: «Korleis verte lurt av ein nisse, ei stjerne, eit reinsdyr eller to venlege ord.»

Sidan julepreget er å finne på så å seie kvar einaste hylle, kan vi like godt byrje i chipsavdelinga. Ja, faktisk er nett den hylla eit temmeleg godt døme på dei tre julematkategoriane: Heilt vanlege varer som har fått juleklede på, heilt vanlege varer som har fått ein smak av noko julete, og heilt nye varer som skal høve inn i juletida utan å eigentleg vere julete.  

Maarud Julegull Rifla Salt høyrer heime i fyrste kategori. Posen inneheld nøyaktig det same som Maarud Potetgull Rifla Salt. Dei einaste skilnadene er innpakninga – og prisen: 178 kroner per kilo for vanleg og 195 kroner for juleversjonen hjå Spar nett no.

Peparkakelim

Paprika og Hot Cheese er ikkje i sortimentet til vanleg, og kva det har med jul å gjere, forutan nisseinnpakning, er det ikkje godt å verte klok på. Kategori tre der, altså. Sørlandschips slår til med to nye smakar i kategori to: at ribbe kan høve med potetchips, går an å forstå, men at smak av julebrus skal verte ein suksess, har eg vanskelegare for å sjå føre meg. Men kven veit.

Julebrussmak er jo òg eit fenomen i seg sjølv. For kva smakar eigentleg julebrus? For det fyrste kjem det an på kor i landet du bur – nokre stader liknar det champagnebrus, andre stadar raudbrus, men over alt har brusen det til felles at smaken kjem frå eit syntetisk aromastoff, ikkje frå ei råvare. Slik vert det temmeleg enkelt å overføre smaken til chips, eller til saft – slik Fun Light for tida sel, eller til godteri som vingummi, slik Brynhild har i posar som visstnok skal smake både raudt og brunt.

Vågar du deg på å bygge peparkakehus, treng du ikkje lenger klisse med søt melis eller brenne deg på smelta sukker – du kan berre kjøpe ferdig Bakelim frå Dr. Oetker. Det kostar ikkje meir enn 277 kroner per kilo. Verre vert det om du vil at peparkakehuset skal glitre. Same produsent lagar nemleg også Writing Gel Gold. For denne må du ut med over 1700 kroner per kilo. Og tru ikkje at massen faktisk inneheld gull, nei, det er den same glukosesirupen fargesett med E-stoff som i dei andre, langt billegare tubane.

Og apropos tube: Kavli har laga ein Juleost – smelteost med blåmuggost i – som nett no er den einaste tubeosten som ikkje er på tilbod hjå Meny. Ein femtilapp, kostar han, ein tikroning meir enn dei andre variantane kosta før dei kom på tilbod.

Ikkje alt er billeg

Mykje kan med andre ord tyde på at priskrigen på julevarer, som etter sigande skal vere i gang, og så absolutt er det for mellom anna svineribbe (nede i 60 kroner kiloet hjå Spar nett no), så gjeld den krigen absolutt ikkje alt daglegvarebutikkane sel oss med julestrø på. Slik sett er ting ved det gamle: Butikkane brukar billege lokkevarer for å få oss inn i butikken for så å selje oss dyre ekstraprodukt akkurat like mykje no som resten av året.

Men det er ikkje berre – kanskje ikkje eingong fyrst og fremst – daglegvarekjedene som går langt i å «julifisere» heilt vanlege varer. Freia Non Stop Melkesjokolade har bytt ut pastellfargane med raudt og grønt, sett eit lite «God jul» på pakningen og sett opp kiloprisen med åtte kroner hjå Meny. Synnøve Finden har tilsett Gudbrandsdalsosten «Et lite dryss kanel». Drysset utgjer 0,2 prosent av innhaldet, men prisen har auka med over 40 prosent.

Og for å runde av med ein höjdare: Q-meierienes Skyr med smak av juleskum.

Veit du ikkje kva juleskum smakar? Ikkje eg heller. Eg veit at det er eit godteri med nisseform, og det held for meg. Kall meg gamal, kall meg gledesdrepar, keisam og treig, men eg gidd ikkje verte lurt meir i år. Men gler meg til pinnekjøt og moltekrem på julaftan, det gjer eg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis