JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Jordbrukskrise

Tida for store ord verkar ikkje å gå over. Snarare tvert om. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vinterfôr på ville vegar: Det er ikkje isbitar, men rundballar, som flyt i Mjøsa og skaper trøbbel.

Foto: Geir Olsen / NTB

4005
20230908
4005
20230908

Så var vi der. Det var liksom ikkje nok med kostnadsaukar og renteaukar, tørke og flaum, og ei statleg inntektsheving som lèt vente på seg – norsk landbruk måtte innom overproduksjonsavgiftsholet i år igjen. Eg er klar over at eg skriv for ei avis som ikkje brukar ordet krise om det ikkje er naudsynt, og eg set pris på det. Når eg no tek det i bruk, er det altså fordi eg meiner det er på sin plass. Her er kvifor:  

Midt i august melde Nortura at det var vorte naudsynt å sette ned engrosprisen på storfekjøt med fire kroner per kilo, og at heile denne prisnedgangen vert pålagd råvareleverandøren. Altså bonden. Fire kroner per kilo er, om ein tek utgangspunkt i gjeldande avrekningsprisar, ein prisnedgang på 6–8 prosent.

Så, førre veke, melder Omsetningsrådet for kjøt – organet som har i oppdrag å regulere marknaden, og som er forvalta av det same Nortura – at det ikkje er nok. Reguleringslagera, altså fryselagera som passar på kjøt som ikkje vert selt, er så store at det er naudsynt å auke omsetningsavgifta med éi krone per kilo for storfe og småfe,og 60 øre per kilo for gris.

Omsetningsavgifta er ei avgift bønder må betale, eller i praksis får dei avgifta fråtrekt oppgjeret når dei leverer kjøt til slakt, når det vert produsert meir enn marknaden klarer å omsette.

Dobbelt råka

Det som er ekstra tragisk nett no, er at ei av årsakene til at det er naudsynt å auke avgifta, er nettopp den tunge tørke- og flaumråka sommaren: Avlingar har tørka og/eller drukna vekk i eit slikt omfang at det er fôrmangel i store delar av Noreg, og ingen område har fôroverskot slik at det kan delast. Nortura fryktar – truleg med god grunn – at mange dyr vil verte melde inn til slakt rett og slett fordi det ikkje finst fôr til å halde dei i live gjennom vinteren.

Forståeleg, gjerne, frå Nortura si side, men like fullt tragisk: at bønder aldri skal få krisefri! At krisa tvert om skal råke dei frå fleire kantar samstundes, i ei drift som nok for mange var temmeleg ustødig i utgangspunktet! Det kan då ikkje vere slik ordningane er tenkt å fungere?

Jau då, meiner mat- og landbruksminister Geir Pollestad (Sp). Fleire bønder har nemleg vore i Nationen og lurt på kvifor ikkje andre verkemiddel enn prisreduksjon – til dømes reduserte slaktevekter eller kalveslakt – vert prøvde fyrst. Omsetningsrådet har svara at det er denne rekkefylgja dei er pålagde å nytte av direktorat og departement. Og statsråden, sjefen for det heile, seier altså fylgjande til Nationen: «Det er jordbruksnæringen selv som har ansvar for å regulere markedet (…). Bruk av pris er det normale virkemiddelet.»

Takk for den, herr statsråd.

Svikt og rot

Midt i det heile går styreleiaren i Nortura, Trine Hasvang Vaag, av, fordi ho ikkje lenger lit på konsernsjef Anne Marit Panengstuen. Samstundes skriv Nationen om korleis mjølkebonde og Tine-tillitsvald Eivind Mehl har måtta trekke seg frå tillitsvervet etter å synt tillit til Bondeopprøret – grupperinga som, om du spør meg, har vore både mest konstruktiv og skapt mest resultat for bondenæringa i Noreg dei siste åra.

Når Bama og Gartnerhallen tvingar gjennom byte av lokalt forankra eplesortar til fordel for sine eigne patenterte sortar, syner det tydeleg kor langt fruktbøndene er unna å ha ein uavhengig organisasjon som jobbar berre for dei. Coop behandlar plommeprodusentar på ein måte som vi kunne ynskje vi hadde lagt bak oss i eit anna hundreår.

Statsråden, departementet og direktoratet, samvirke, råd og verksemder meir eller mindre i konkurranse med dei sjølve – alle verkar dei meir til hovudbry enn til hjelp no for tida. Norsk jordbruk er meir og meir eit salig rot, eg kan ikkje eingong førestille meg korleis det må vere å vere bonde med ansvar for millionlån i banken, levande vesen på båsen og kanskje modnande plommer i trea nett no. Om ikkje nokon har sagt det til dykk på ei stund, skal de i det minste hugse at det er de som er heltane i denne historia. 

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis